Folkens! Eg syntest at det var heilt ekstremt då eg kom opp på over hundre visningar... Eg meinar, eg har berre 28 inlegg her på bloggen, og eg hadde kanskje håpa på at kanskje ein meir enn mamma ville finne på å lese bloggen, men ditta tek jo av!
Uansett: Eg har vel maks 7 kommentarar, så eg føler det er litt tovegs monolog. Ikkje at det er ein uting, alle veit at samtalen blir best om det berre er eg som deltek i den, men det gjer ikkje noko om de lagar litt lydar de også. Har prøvd å forstå innstillingane på sida, for å gjere slik at det ikkje er påkrevd med Google account for å kommentere, men veit ikkje om eg har fått det til.
Eg bloggar ikkje regelmessig, som du kanskje har merka, så då går det vel an for deg å abbonere på bloggen min. Då får du ein e-post eller varsling av eitt eller anna slag når eg legg ut noko nytt. Så slepp du å følge med sjølv.
For deg som synest tekst er oppskrytt:
Sjå! Bilete:
torsdag 29. november 2012
Livet er bra fordi...
... hesten er bra!
Eller, ho har iallefall blitt såpass at eg kan ri litt igjen. Og når ho har fått varme i kroppen merkar eg ingenting til haltinga! Det er herlig! Og det som er endå herligare; EG HAR BEGYNT Å KØYRE MED HO!!! Ho er så flink, men det er ikkje eg, så vi ser ikkje veldi proffe ut, men det kjem seg!
Dei andre bileta er innsida av hoven til ein død hest. Hesten vart ikkje slakta for at eg skulle få sjå innsida av hoven, men fordi hestar ofte blir slakta uansett (det finnast sjuke folk der ute som et hestar og andre dyr. Pass deg!), og når hesten likevel var død var det synd å kaste hoven hans, så den blir brukt i undervisning. (Det er altså grunnen til at eg sit med ein dø hestehov i hånda, eg har ikkje slått meg igjen)

... man kan bestemme seg for dagstur, og ombestemme seg.
Vi vart litt svoltne då...
Det er vel ikkje vanskeleg å tenkje seg til at når vi kjem opp hit, i ein herleg fin furuskog, med eit så heftig stup at eg måtte på do, så vil man lage bål?
Når vi hadde laga bål, var det jo sjølvsagt ingen som var gira på å reise seg og gå vidare. Derfor bestemte vi oss for å overnatte... i det vi stod og gjekk i (les: sat rundt bålet i).
Eller, det vil sei, eg som kjem frå sunnfjord veit at dersom man pakkar med seg regnkleder, så er det berre 70% risiko for regn (i staden for 99,9%), så eg hadde sjølvsagt med ei regnbukse.
Vi hadde fyringsvakter rundt bålet, 2 timar kvar, men elles sov, iallefall eg, godt og varmt rundt bålet.
Det kom berre så vidt litt regn, men då eg våkna, fire timar etter at eg hadde hatt vakt, var heile verda dekka av eit 5- 10cm tjukt, kvitt tepppe.
Senga vår, laga vi av furubar, så den var ikkje til å klage på. Unntatt rett før vi skulle gå, då tok den fyr, så då kasta vi like gjerne heile greia på bålet og gjekk. Etter vi hadde leika litt i røyken, sjølvsagt.
Vi gjekk opp på ein topp og ned i ei bygd som heiter Vassbygdi. Vi hadde berre att nokre nøtter, rosiner og eple frå dagen før, men det gjekk fint.
Frå Vassbygdi fekk vi haik, på første forsøk, med ei dame som meinte vi lukta bål, noko vi ikkje kunne forstå, tilbake til syklane våre.
... det er vinter, og løvetanna er komplett forvirra.
Greitt nok så er det ei stund sidan eg tok dette bilete, men snøen har vore heilt nedi i fjera, og den kryp nedatt!
Noko som kanskje tydar på det motsette er at eg fann ein løvetannknupp som dreiv å blomstra... i minusgrader frå under 5cm med snø...
... det er mogleg å ta bilete av stjernene med iPhone-kameraen.
Eg lovar! Man ser stjernene. Iallefall ser man ein kvit prikk! Ikkje lat som du ikkje ser den berre fordi du har HTC og inbillar deg at den er betre enn iPhone. iPhone er best, for visst man tek bilete av stjernehimmelen så ser man minst ei stjerne på biletet, OG man kan dessutan ringe med den. Slå den!
Biletet er forresten teke frå soveposen min, oppå ein gravhaug på eit sauebeitet med masse sauer på. Der er også ein ting som gjer at livet er bra.
... eg fekk betalt, d.v.s. OD fekk betalt, for at eg fekk omvisning på Voss av ein i klassen.
Han er heilt Nils og har sauer. Noko som passar han
utruleg godt!
... man kan bestemme seg for dagstur, og ombestemme seg.
Vi vart litt svoltne då...
Det er vel ikkje vanskeleg å tenkje seg til at når vi kjem opp hit, i ein herleg fin furuskog, med eit så heftig stup at eg måtte på do, så vil man lage bål?
Når vi hadde laga bål, var det jo sjølvsagt ingen som var gira på å reise seg og gå vidare. Derfor bestemte vi oss for å overnatte... i det vi stod og gjekk i (les: sat rundt bålet i).
Eller, det vil sei, eg som kjem frå sunnfjord veit at dersom man pakkar med seg regnkleder, så er det berre 70% risiko for regn (i staden for 99,9%), så eg hadde sjølvsagt med ei regnbukse.
Vi hadde fyringsvakter rundt bålet, 2 timar kvar, men elles sov, iallefall eg, godt og varmt rundt bålet.
Det kom berre så vidt litt regn, men då eg våkna, fire timar etter at eg hadde hatt vakt, var heile verda dekka av eit 5- 10cm tjukt, kvitt tepppe.
Vi gjekk opp på ein topp og ned i ei bygd som heiter Vassbygdi. Vi hadde berre att nokre nøtter, rosiner og eple frå dagen før, men det gjekk fint.
Frå Vassbygdi fekk vi haik, på første forsøk, med ei dame som meinte vi lukta bål, noko vi ikkje kunne forstå, tilbake til syklane våre.
... eg får leike med isopor og kniv.
Truleg hadde eg hatt det kjekkare om eg var barnehageunge og fekk dette privilegiumet, men eg klarte å ha det nokså kjekt. Sjølv om eg sjølvsagt fekk eit sakn etter snøen...
Ting som, derimot gjer livet surt:
- Mamma er ikkje her = ingen har rydda på rommet mitt
- Eg må lese ei engelsk bok, og dum som eg er har eg utsett det til siste stund = eg må bruke all fritida mi på å lese... engelsk...
- Vi har starta Grønn ungdom i Sogn og Fjordane, og du veit ikkje ein gong kva det er! Så gå inn å les + meld deg inn!! VI TRENG DEG!
mandag 19. november 2012
Trikset er å flytte før man må vaske!
Då eg var liten las eg om når Mamma Mø og Kråka hadde vårreingjering. Mamma Mø rydda, vaska og tørka støv for å bli kvitt rotet. Kråka skrudde av lyset, for då blei alt vekke. Dette har eg praktisert no ei god stund, og det funkar.
Berre man har klar bane frå vasken til senga, så klarar man seg fint!
I tillegg la Kråka alle eigendelane sine i ein stor haug på golvet, for då visste han kor han hadde ting, her slit eg litt. Kråka sin plan gjekk ut på at han la alle tinga øverst, slik at ingenting låg nederst. Dette fungerar dårlig!
Eg har lagt frå meg lommekniven med lykkelen min, og no finn eg den ikkje... Ser du den?

Abonner på:
Innlegg (Atom)