... det er vinter, og løvetanna er komplett forvirra.
Greitt nok så er det ei stund sidan eg tok dette bilete, men snøen har vore heilt nedi i fjera, og den kryp nedatt!
Noko som kanskje tydar på det motsette er at eg fann ein løvetannknupp som dreiv å blomstra... i minusgrader frå under 5cm med snø...
... det er mogleg å ta bilete av stjernene med iPhone-kameraen.
Eg lovar! Man ser stjernene. Iallefall ser man ein kvit prikk! Ikkje lat som du ikkje ser den berre fordi du har HTC og inbillar deg at den er betre enn iPhone. iPhone er best, for visst man tek bilete av stjernehimmelen så ser man minst ei stjerne på biletet, OG man kan dessutan ringe med den. Slå den!
Biletet er forresten teke frå soveposen min, oppå ein gravhaug på eit sauebeitet med masse sauer på. Der er også ein ting som gjer at livet er bra.
... eg fekk betalt, d.v.s. OD fekk betalt, for at eg fekk omvisning på Voss av ein i klassen.
Han er heilt Nils og har sauer. Noko som passar han
utruleg godt!
... man kan bestemme seg for dagstur, og ombestemme seg.
Vi vart litt svoltne då...
Det er vel ikkje vanskeleg å tenkje seg til at når vi kjem opp hit, i ein herleg fin furuskog, med eit så heftig stup at eg måtte på do, så vil man lage bål?
Når vi hadde laga bål, var det jo sjølvsagt ingen som var gira på å reise seg og gå vidare. Derfor bestemte vi oss for å overnatte... i det vi stod og gjekk i (les: sat rundt bålet i).
Eller, det vil sei, eg som kjem frå sunnfjord veit at dersom man pakkar med seg regnkleder, så er det berre 70% risiko for regn (i staden for 99,9%), så eg hadde sjølvsagt med ei regnbukse.
Vi hadde fyringsvakter rundt bålet, 2 timar kvar, men elles sov, iallefall eg, godt og varmt rundt bålet.
Det kom berre så vidt litt regn, men då eg våkna, fire timar etter at eg hadde hatt vakt, var heile verda dekka av eit 5- 10cm tjukt, kvitt tepppe.
Vi gjekk opp på ein topp og ned i ei bygd som heiter Vassbygdi. Vi hadde berre att nokre nøtter, rosiner og eple frå dagen før, men det gjekk fint.
Frå Vassbygdi fekk vi haik, på første forsøk, med ei dame som meinte vi lukta bål, noko vi ikkje kunne forstå, tilbake til syklane våre.
... eg får leike med isopor og kniv.
Truleg hadde eg hatt det kjekkare om eg var barnehageunge og fekk dette privilegiumet, men eg klarte å ha det nokså kjekt. Sjølv om eg sjølvsagt fekk eit sakn etter snøen...
Ting som, derimot gjer livet surt:
- Mamma er ikkje her = ingen har rydda på rommet mitt
- Eg må lese ei engelsk bok, og dum som eg er har eg utsett det til siste stund = eg må bruke all fritida mi på å lese... engelsk...
- Vi har starta Grønn ungdom i Sogn og Fjordane, og du veit ikkje ein gong kva det er! Så gå inn å les + meld deg inn!! VI TRENG DEG!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar