Eg har ikkje gjort så veldig mykje kult i det sis... nei, vent litt! I helga var eg på fridykkerkurs, det var ganske OK+. Så no blir eg fattig ei stund framover, sidan fridykkerutstyr er ganske dyrt..
Dessutan har eg hatt såpe i håret igjen, for fyrste gong på nokså mange månadar. Det var for å lettare komme inn i våtdrakta, men det var ikkje nok vaten, så eg måtte ha i litt bodylotion også. Så eg har sikkert litt feitt hår no, om du lurte på det...
Nok om det, no skulle vi snakke om daude dinosaurar. Dei som vi brukar kvar einaste dag, både til det eine og det andre, men mest til framkomst. Vi skifta nemneleg olje på ein traktor hin dagen, ich 70 liter. Tell dei! 70! På EIN traktor. Dette er tragisk! Vi lever i 2013* og vi treng døde dinosaurar for å få jordarbeidet gjort! I ei tid der vi er avhengig av å redusere klimautsleppa med so-skyhøge-tal-at-det-ikkje-er-vits-å-skrive-dei,-sidan-dei-uansett-ikkje-kjem-til-å-gjere-intrykk-pga-at-dei-er-så-store for at vi ikkje skal lage uopprettelege klimaforandringar. Då satsar vi på fleirfeltsveg som hovudåre i Noreg, så alle kan køyre aleine i kvar sin bil, i staden for å bygge høghastighetstog, eller i heile tatt tog. Og vi brukar 70l olje på EIN liten filletraktor av kor mange tusen små, for ikkje å snakke om dei store i Norge. Og skal vi telle med dei monstermaskinene vi brukar til å hauste inn fôret dyrematen vi underbetalar fattige u-landsfolk til å dyrke for oss?
Nei, vakker er den, utan tvil! Men ho må vekk! Vi treng å forlate redet, finne nye eller gamle metodar som gjer eit meir effektivt resultat, som gjer det like berekraftig å dyrke dyrefôret her heime. Eit alternativ som man ikkje treng å levere på spessialtank på grunn av miljøfientligheten. Eit alternativ som vi kan leve med kombinert med god samvit ovanfor kommande generasjonar. Dei får heller lage sitt eige rot, enn å rydde opp vårt!
Oljefritt Noreg høyrdes kult ut, sa du? Sjekk det ut, dåvel!