Men det heile braut skikkelig saman hin dagen, torsdag, trur eg. Det var litt av ein skit(en)dag!
Vi var på skuletur med husdyrklassen til Førde Du veit, Noregs styggaste by, der eg er oppvaksen. Sidan vi skulle dit, tok eg med salen. "Jaujau! Da ska nok gao so fint so!" svarte husdyrlæraren då eg spurde om det var plass i bilen til å ta den med. Då vi var komme til ferga (1/3 av vegen) byrja han å klage på lukta av sveitt hest (Ja, det var sjølvsagt ridesalen eg tok med, ikkje dansesalen).
Om du lure på kvifor eg skulle ta med meg salen, så er det fordi eg har solgt Kimeline. Eg innsåg at eg ikkje hadde nok tid til henne, og at ho ville få det mykje betre i ein ny heim.
Men tilbake til Førde-turen: Sidan vi skulle til ein litt meir sivilisert stad, tok eg på meg ei rein bukse. Det var sjølvsagt også litt fordi eg frykta å møte kjentfolk. Så for å unngå å bli sosialt utstøtt av alle kjende, kledde eg meg litt meir... reinsleg...
"Wow... ny bukse, fantastisk..." tenkjer du sikkert no, med ein ironisk baktone, men greia er at ho ikkje såg ut som ho hadde vore rein når eg tok ho på, då eg tok hinne av. Ho var direkte GROSKITEN!
Ja, gensaren var rein då eg tok den på, den også...
I tillegg har eg funne ein god indikasjon på kortid man bør vaske bilen... Når det er byrja å GRO LAV på bilen, då er det på tide å vaske den...
Bilete er forresten teke under lunsjpausen på biltaket
Ikkje lat som om du ikkje har sånne pausar sjølv!
"Kva gjorde ein husdyrklasse i Førde" tenkjer du sikkert no. "Såg dei på skjorfamilien i skiltet på gamle Handelshuset?". Nei, der tenkjer du feil... Vi var inne på Nortura slakteriet.
Det var ganske fælt, om du lurte på det.
Kuhovud reinsa for skinn, for på eit samlebånd over oss, så nylig slakta at musklane på kjeven fortsatt rykkte. Grisar som hang i eitt stykkje oppned i ein krok, med blodet rennande frå strupa og dryppande ned frå nasa til golvet. Samlebåndet dei hang i vart ført inn i ei heftig maskin som grilla av alt som var att av hårrestar... og eg vil ikkje komme på meir! Eg kan oppsummere da kort for deg:
Eg kom på kvifor eg vart vegetarianar!
Eg har også konkludert i at Paul McCartney hadde rett i utsagnet sitt om at slakteria hadde hatt glasveggar, så hadde fleire vorte vegetarianarar. Eller kanskje ikkje, der er mange der ute som ikkje gjer anna enn blanke blaffen.
Eg trur eg avsluttar forteljinga om ei traumatisk oppleving på slakteriet, med eit av dei 1000 bileta eg har teke på ein av dei ørten toppane eg har vore på i det siste.
Aldri før har eg tissa med so flott utsikt! |
Nei, eg ombestemte meg! Eg trur heller eg avslutta med eit bilete eg fant på facebooksida til "I fucking love sciense".
Denne er til deg som sulla deg inn på bloggen min då du googla "for oss her ute som ikkje gjer anna enn blanke blaffen" og trudde du skulle finne likesinna. HAH! Du skal få moralpreiken, skal du!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar