Du trudde kanskje at livet i Noreg var fredeleg, og at vi ikkje var truga på nokon måte, men det er vi! Prøv å dyrk gulrøter, du! Eller lin for den saks skuld...
Eg kan love deg at du garantert kjem til å hamne i krig. Krig mot hønsegras, eng- og krypsolei (smørblomst) og ikkje minst; kveka!
Ho kjem til å strekke røtene sine ut over alt, og før du får sagt "roundup" har ho skote ørten skot opp frå kvar rot. Om du ikkje krigar tilbake, kjeme ho til å stikke hol tvers gjennom gulrøtene og potetene dine. For å psyke deg ut, et ho næringa avlinga di skulle hatt, og saman med ugrasvenene sine lagar ho skugge for plantene dine.
Kva gjer du? Hjelp det å ta høygaffelen å stikke henne til døde? Det kan verke fristande, men truleg ville naboen ringe ein psykolog, og du ville hamna på stengd avdeling utan sjangse til å krige mot ugraset.
Akkurat kveka er vanskeleg å ta. Antan må du sprøyte gift, eller plantevernmiddlar som det så fint heiter, på henne. Då døyr ho og alt anna liv i jorda, i tillegg til at du kan få giftrester i maten din. For ikkje å snakke om at det kan gå hardt utover naturen i nærleiken din.
Eller så må du pløye og ugrasharve. Men det gidd eg ikkje forlkare meir om.
Som du sikkert veit vil ein vere så nær naturen ein kan, når man driv økologisk, og giftstoff på jorda er ikkje veldig naturleg. Difor har vi andre metodar. Som flamming. Der ein, kort fortalt, svir vekk ugraset med ein flammekastar.
Gulrøtene blir flamma med traktoren. Eg tok den vesle, men store nok, hagen min for hand.
Ehh... Ja... Hos meg kom ikkje det noko særleg lin, så eg to knekken på alt. I morgon må eg så meir i morgon. Nei, det har eg ikkje tid til, forresten! Det må eg gjere idag! NO! Hade bra!