lørdag 23. februar 2013

Korsettkjolar og innredning til fjøs

Du har sikkert lagt merke til at reklamene du blir servert på google/andletsboka/verdsveven generellt er tilpassa dine interesser. Det er iallefall det som er hensikta til desse reklamegreiene, å treffe si målgruppe enkelt og greitt.
I byrjinga vart eg stadig overraska over kor mykje dei fant av reklame som vekka interesse hjå meg, no synest eg dei tek det litt langt... Det med fjøsinnredning er ikkje fullstendig bom, sjølv om den kanskje er litt tidleg, men korsettkjole?! 
I tillegg prøvar dei stadig å få meg til å like diverse Justin Bieber-sider, der trur eg dei ville hatt større sjangse hjå dansken på naboromet. Han driv å spelar gitar, nemleg. Og det var heilt greitt, faktisk veldig flott, då han holdt seg til Coldplay og gamle viser av diverse slag, men no har han altså begyndt på listepop av verste typen...


Har eg forresten nemnt at sola har komme tilbake til Aurland? Sikkert snart to veker sidan no, men det er fortsatt nokså kult å bli blenda av ho. Idag kom ho til og med inn på rommet mitt! Det var ikkje fullt så kult, den dreiv eigentleg berre å peika på alt støvet mitt og sa at eg burde rydde/vaske. Eg trur det var difor eg kom på at eg skulle skrive her.

Halve bokhylla til mamma ligg fordelt i posar utover golvet mitt, saman med ein haug med filma eg kom til skade for å kjøpe med meg då mix gjekk konkurs. Det betyr at eg må rydde før eg kan vaske, og det er stress!





Andre ting eg har gjort sidan sist er:
Funne ishole som var perfekt storleik for meg, men alt for lang vekke til at eg kunne prøvesove der.
















Bygd uglekasse (les: stort sett berre sett på at ein anna bygde/ gjort noko teit/feil som den andre måtte ta opp igjen og fikse), og kommandert min bygge-uglekasse-samansvorne opp i ei bjørk i mørket med uglekassa medan eg sto og såg på.















Sett på danske som fellte tre med øks i motsol.
















Vore über-konsentrert om lekser medan nokon andre fann mobilen min.
Noko som resulterte i det man kallar eit svært vakkert bilete, som får fram min naturlege skjønnhet osv...














Vore vegbane i geitekjerushtrafikken. Noko som ikkje er så kult når man har langt hår, men som absolutt er å anbefale!











I tillegg var det ein gong eg kjeda meg då eg venta på einkven samtidig som eg hadde mandarinskal framfor meg, dette resulterte i eit kunstverk som truleg ikkje kjem til å bli kjent før etter min død. Då vert det laga mange kopiar, og originalen blir verdt fleire millionar... reknar eg med.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar