torsdag 6. juni 2013

Brenn ugraset!

Du trudde kanskje at livet i Noreg var fredeleg, og at vi ikkje var truga på nokon måte, men det er vi! Prøv å dyrk gulrøter, du! Eller lin for den saks skuld... 
Eg kan love deg at du garantert kjem til å hamne i krig. Krig mot hønsegras, eng- og krypsolei (smørblomst) og ikkje minst; kveka! 
Ho kjem til å strekke røtene sine ut over alt, og før du får sagt "roundup" har ho skote ørten skot opp frå kvar rot. Om du ikkje krigar tilbake, kjeme ho til å stikke hol tvers gjennom gulrøtene og potetene dine. For å psyke deg ut, et ho næringa avlinga di skulle hatt, og saman med ugrasvenene sine lagar ho skugge for plantene dine. 

Kva gjer du? Hjelp det å ta høygaffelen å stikke henne til døde? Det kan verke fristande, men truleg ville naboen ringe ein psykolog, og du ville hamna på stengd avdeling utan sjangse til å krige mot ugraset.

Akkurat kveka er vanskeleg å ta. Antan må du sprøyte gift, eller plantevernmiddlar som det så fint heiter, på henne. Då døyr ho og alt anna liv i jorda, i tillegg til at du kan få giftrester i maten din. For ikkje å snakke om at det kan gå hardt utover naturen i nærleiken din. 
Eller så må du pløye og ugrasharve. Men det gidd eg ikkje forlkare meir om.

Som du sikkert veit vil ein vere så nær naturen ein kan, når man driv økologisk, og giftstoff på jorda er ikkje veldig naturleg. Difor har vi andre metodar. Som flamming. Der ein, kort fortalt, svir vekk ugraset med ein flammekastar. 

Gulrøtene blir flamma med traktoren. Eg tok den vesle, men store nok, hagen min for hand.


Ehh... Ja... Hos meg kom ikkje det noko særleg lin, så eg to knekken på alt. I morgon må eg så meir i morgon. Nei, det har eg ikkje tid til, forresten! Det må eg gjere idag! NO! Hade bra! 

mandag 15. april 2013

Døde dinosaurar

Hei, bloggen! Idag har eg både lekser og eit rom med råtnande baner og hyberdyr av ulik storleik, så då kom eg på deg.

Eg har ikkje gjort så veldig mykje kult i det sis... nei, vent litt! I helga var eg på fridykkerkurs, det var ganske OK+. Så no blir eg fattig ei stund framover, sidan fridykkerutstyr er ganske dyrt..
Dessutan har eg hatt såpe i håret igjen, for fyrste gong på nokså mange månadar. Det var for å lettare komme inn i våtdrakta, men det var ikkje nok vaten, så eg måtte ha i litt bodylotion også. Så eg har sikkert litt feitt hår no, om du lurte på det... 

Nok om det, no skulle vi snakke om daude dinosaurar. Dei som vi brukar kvar einaste dag, både til det eine og det andre, men mest til framkomst. Vi skifta nemneleg olje på ein traktor hin dagen, ich 70 liter. Tell dei! 70! På EIN traktor. Dette er tragisk! Vi lever i 2013* og vi treng døde dinosaurar for å få jordarbeidet gjort! I ei tid der vi er avhengig av å redusere klimautsleppa med so-skyhøge-tal-at-det-ikkje-er-vits-å-skrive-dei,-sidan-dei-uansett-ikkje-kjem-til-å-gjere-intrykk-pga-at-dei-er-så-store for at vi ikkje skal lage uopprettelege klimaforandringar. Då satsar vi på fleirfeltsveg som hovudåre i Noreg, så alle kan køyre aleine i kvar sin bil, i staden for å bygge høghastighetstog, eller i heile tatt tog. Og vi brukar 70l olje på EIN liten filletraktor av kor mange tusen små, for ikkje å snakke om dei store i Norge. Og skal vi telle med dei monstermaskinene vi brukar til å hauste inn fôret dyrematen vi underbetalar fattige u-landsfolk til å dyrke for oss? 

Men tilbake til at vi skifta olje. Vi var ei gruppe på fem stykke Grøn Ungdommar, altså av dei einaste politikarane som er imot oljeboring og som er for stopp på oljeboringa, som skifta nettopp olje på ein dieseldriven traktor. Og vi var vel ikkje sikre på om vi skulle grine eller le som dansken ville sagt. Men ein ting var sikkert, olja er sjukt fancy! Den lagar heftige forma når man tømmer den, og eg kan gå med på å kalle den svart gull!


 Nei, vakker er den, utan tvil! Men ho må vekk! Vi treng å forlate redet, finne nye eller gamle metodar som gjer eit meir effektivt resultat, som gjer det like berekraftig å dyrke dyrefôret her heime. Eit alternativ som man ikkje treng å levere på spessialtank på grunn av miljøfientligheten. Eit alternativ som vi kan leve med kombinert med god samvit ovanfor kommande generasjonar. Dei får heller lage sitt eige rot, enn å rydde opp vårt!
 Oljefritt Noreg høyrdes kult ut, sa du? Sjekk det ut, dåvel!

fredag 5. april 2013

Du veit du må vaske bilen når det gror lav på lakken...

Eg har klart å halde på nyttårsforsettet mitt med å ha det ryddig på rommet fram til no. Eg synest det nesten fortjenar ein applaus, iallefall ei banan, eller eit eple.
Men det heile braut skikkelig saman hin dagen, torsdag, trur eg. Det var litt av ein skit(en)dag!

Vi var på skuletur med husdyrklassen til Førde Du veit, Noregs styggaste by, der eg er oppvaksen. Sidan vi skulle dit, tok eg med salen. "Jaujau! Da ska nok gao so fint so!" svarte husdyrlæraren då eg spurde om det var plass i bilen til å ta den med. Då vi var komme til ferga (1/3 av vegen) byrja han å klage på lukta av sveitt hest (Ja, det var sjølvsagt ridesalen eg tok med, ikkje dansesalen)
Om du lure på kvifor eg skulle ta med meg salen, så er det fordi eg har solgt Kimeline. Eg innsåg at eg ikkje hadde nok tid til henne, og at ho ville få det mykje betre i ein ny heim. 

Men tilbake til Førde-turen: Sidan vi skulle til ein litt meir sivilisert stad, tok eg på meg ei rein bukse. Det var sjølvsagt også litt fordi eg frykta å møte kjentfolk. Så for å unngå å bli sosialt utstøtt av alle kjende, kledde eg meg litt meir... reinsleg... 
"Wow... ny bukse, fantastisk..." tenkjer du sikkert no, med ein ironisk baktone, men greia er at ho ikkje såg ut som ho hadde vore rein når eg tok ho på, då eg tok hinne av. Ho var direkte GROSKITEN!
Ja, gensaren var rein då eg tok den på, den også...


I tillegg har eg funne ein god indikasjon på kortid man bør vaske bilen... Når det er byrja å GRO LAV på bilen, då er det på tide å vaske den...
Bilete er forresten teke under lunsjpausen på biltaket
Ikkje lat som om du ikkje har sånne pausar sjølv!

"Kva gjorde ein husdyrklasse i Førde" tenkjer du sikkert no. "Såg dei på skjorfamilien i skiltet på gamle Handelshuset?". Nei, der tenkjer du feil... Vi var inne på Nortura slakteriet
Det var ganske fælt, om du lurte på det. 
Kuhovud reinsa for skinn, for på eit samlebånd over oss, så nylig slakta at musklane på kjeven fortsatt rykkte. Grisar som hang i eitt stykkje oppned i ein krok, med blodet rennande frå strupa og dryppande ned frå nasa til golvet. Samlebåndet dei hang i vart ført inn i ei heftig maskin som grilla av alt som var att av hårrestar... og eg vil ikkje komme på meir! Eg kan oppsummere da kort for deg:
Eg kom på kvifor eg vart vegetarianar!
Eg har også konkludert i at Paul McCartney hadde rett i utsagnet sitt om at slakteria hadde hatt glasveggar, så hadde fleire vorte vegetarianarar. Eller kanskje ikkje, der er mange der ute som ikkje gjer anna enn blanke blaffen.

Eg trur eg avsluttar forteljinga om ei traumatisk oppleving på slakteriet, med eit av dei 1000 bileta eg har teke på ein av dei ørten toppane eg har vore på i det siste.

Aldri før har eg tissa med so flott utsikt!


Nei, eg ombestemte meg! Eg trur heller eg avslutta med eit bilete eg fant på facebooksida til "I fucking love sciense". 
Denne er til deg som sulla deg inn på bloggen min då du googla "for oss her ute som ikkje gjer anna enn blanke blaffen" og trudde du skulle finne likesinna. HAH! Du skal få moralpreiken, skal du!

lørdag 23. februar 2013

Korsettkjolar og innredning til fjøs

Du har sikkert lagt merke til at reklamene du blir servert på google/andletsboka/verdsveven generellt er tilpassa dine interesser. Det er iallefall det som er hensikta til desse reklamegreiene, å treffe si målgruppe enkelt og greitt.
I byrjinga vart eg stadig overraska over kor mykje dei fant av reklame som vekka interesse hjå meg, no synest eg dei tek det litt langt... Det med fjøsinnredning er ikkje fullstendig bom, sjølv om den kanskje er litt tidleg, men korsettkjole?! 
I tillegg prøvar dei stadig å få meg til å like diverse Justin Bieber-sider, der trur eg dei ville hatt større sjangse hjå dansken på naboromet. Han driv å spelar gitar, nemleg. Og det var heilt greitt, faktisk veldig flott, då han holdt seg til Coldplay og gamle viser av diverse slag, men no har han altså begyndt på listepop av verste typen...


Har eg forresten nemnt at sola har komme tilbake til Aurland? Sikkert snart to veker sidan no, men det er fortsatt nokså kult å bli blenda av ho. Idag kom ho til og med inn på rommet mitt! Det var ikkje fullt så kult, den dreiv eigentleg berre å peika på alt støvet mitt og sa at eg burde rydde/vaske. Eg trur det var difor eg kom på at eg skulle skrive her.

Halve bokhylla til mamma ligg fordelt i posar utover golvet mitt, saman med ein haug med filma eg kom til skade for å kjøpe med meg då mix gjekk konkurs. Det betyr at eg må rydde før eg kan vaske, og det er stress!





Andre ting eg har gjort sidan sist er:
Funne ishole som var perfekt storleik for meg, men alt for lang vekke til at eg kunne prøvesove der.
















Bygd uglekasse (les: stort sett berre sett på at ein anna bygde/ gjort noko teit/feil som den andre måtte ta opp igjen og fikse), og kommandert min bygge-uglekasse-samansvorne opp i ei bjørk i mørket med uglekassa medan eg sto og såg på.















Sett på danske som fellte tre med øks i motsol.
















Vore über-konsentrert om lekser medan nokon andre fann mobilen min.
Noko som resulterte i det man kallar eit svært vakkert bilete, som får fram min naturlege skjønnhet osv...














Vore vegbane i geitekjerushtrafikken. Noko som ikkje er så kult når man har langt hår, men som absolutt er å anbefale!











I tillegg var det ein gong eg kjeda meg då eg venta på einkven samtidig som eg hadde mandarinskal framfor meg, dette resulterte i eit kunstverk som truleg ikkje kjem til å bli kjent før etter min død. Då vert det laga mange kopiar, og originalen blir verdt fleire millionar... reknar eg med.


lørdag 5. januar 2013

Stranda hybelblåkvalar, men frøken Løken skal bli strøken!

Idag beit eg i det sure eple, metaforisk sett, og begynte å rydde ut av det gamle rommet og inn på det nye. Det gjekk ganske greitt, sjølv om det såg grått ut (p.g.a. skremmande store mengder støv) til tider.
Heile greia inspirerte meg til å lage ein vits, faktisk:

Det var ein gong to støvkorn som gjekk ein tur på rommet til Ida.
 Plutseleg sa det eine: "Eg trur vi blir forfulgt".

Neidå, kødda! Eg laga ingen vits, men eitt nyttårsforsett. Finnast det eit nynorsk ord for det eigentleg? Nyårsframhald? Eg innsåg nemeleg at det var gått for langt, så eg bestemte meg for at i det kommande året skal eg halde det ryddig rundt meg!
Dels fordi eg drog opp ein hybelblåkval som hadde stranda bak ein tjukkelabb under senga mi, og dels på grunn av det oppgjette uttrykket til vaskemannen som tilfeldeg vis gjekk forbi med moppen sin akkurat då. 
Vaskemannen vår er skitkul, forresten! Klokka seks om morgonen spring han rundt med moppen sin, vaskar og ryddar med den største entusiasmen eg har sett nokon vaske med, og det er sjeldan man møter så blide og smilande folk som han. Legg merke til "klokka seks om morgonen".
Då han var ferdig med dei plassane han skal vaske så kom han inn å hjalp meg. Han er første vaskepersonale eg har møtt på som insistera på å få vaske rommet mitt.

Dette vart ein veldig lang og kjedeleg tekst, med mykje tekst og lite anna enn tekst. Eg kan desverre ikkje supplere med bileter her pga at eg måtte sensurere den horrible hybelkaninslaktinga. Slikt er ikkje noko for barneauger som kan forville seg inn her.
Her er iallefall eit før og eit etterbilete:










No har eg flytta alt rotet inn på det nye rommet mitt, og av ein eller anna grunn ser da ikkje so veldig ut som rot lenger...


Bortsett frå sykkelen, då. Den gjer det heile eit ganske rotete preg. Nokon som vil ha den? Den heftig kul, har til og med tidsur og eit veldig oppmuntrande speedometer. Gearsystemet er svært genialt og gjer deg annledning til å finjustere akkurat kor mykje motstand du ynskjer.

Sjåsofindener,då! Du veit du har lyst på den!

SHIT! Eg gløymde nesten å ynskje deg eit godt, nytt år!
Slik såg min første dag i 2013 ut...




mandag 3. desember 2012

Å ete boss eller kaste mat?

No burde eg gjere lekse, så derfor bestemte eg meg for å skrive eitt blogginnlegg... Sidan eg ikkje kunne komme på noko betre å unnskulde det at eg ikkje har lyst å gjere lekser.

Som sikkert dei fleste av mine facebook-venar har fått med seg, sidan eg har spama dei fleste, hadde vi (Grønn ungdom Sogn og Fjordane) stand i Sogndal om matkasting.
Det er noko nasty shit, for å seie det på godt norsk, eller inhottava sotku, om du heller vil ha det på finsk.


Vi hadde med oss ein kvelds fangst av containermat, og det var ikkje små mengder.
Maten låg stabla, fin og frisk, nede i containeren. So einkvar idiot ser, var den verken øydelagd eller boss.
I lille Lærdal fann vi heilt sjuke mengder i berre to containarar. Tell dei, eller vent... det er jo ingenting! To, i bittelille Lærdal = full bil+! Tenk deg då dei store byane. Tenk deg der det er butikk på butikk med "stort utvalg med ferske varer". Sjå for deg dei sjuke mengdene med mat... kasta i boss!



OH NO! Kaffíen ha gått ut på dato. Den smakar, 
 umerkelig litt mindre enn til vanlig. Best å kaste
 den! Og isteen, den kan man sikkert dø av...
 Sukker står seg jo ikkje evig... eller vent litt,
 forresten, det gjer det jo. Det står på pakken til
 og med! Jaja, kasta den likevel... 

- I Noreg kastar vi 300.000 tonn
- 1/3 av all mat som blir produsert i verda, blir kasta
- Det vi kastar i dei rike landa, kunne metta dei fattige landa
Eg let vere å fortsette... Du kjem ikkje til å få sove i natt om eg fortsette.

torsdag 29. november 2012

1048 visningar... Har folk lite å gjere på?

Folkens! Eg syntest at det var heilt ekstremt då eg kom opp på over hundre visningar... Eg meinar, eg har berre 28 inlegg her på bloggen, og eg hadde kanskje håpa på at kanskje ein meir enn mamma ville finne på å lese bloggen, men ditta tek jo av!

Uansett: Eg har vel maks 7 kommentarar, så eg føler det er litt tovegs monolog. Ikkje at det er ein uting, alle veit at samtalen blir best om det berre er eg som deltek i den, men det gjer ikkje noko om de lagar litt lydar de også. Har prøvd å forstå innstillingane på sida, for å gjere slik at det ikkje er påkrevd med Google account for å kommentere, men veit ikkje om eg har fått det til.

Eg bloggar ikkje regelmessig, som du kanskje har merka, så då går det vel an for deg å abbonere på bloggen min. Då får du ein e-post eller varsling av eitt eller anna slag når eg legg ut noko nytt. Så slepp du å følge med sjølv.

For deg som synest tekst er oppskrytt:
Sjå! Bilete: