lørdag 5. januar 2013

Stranda hybelblåkvalar, men frøken Løken skal bli strøken!

Idag beit eg i det sure eple, metaforisk sett, og begynte å rydde ut av det gamle rommet og inn på det nye. Det gjekk ganske greitt, sjølv om det såg grått ut (p.g.a. skremmande store mengder støv) til tider.
Heile greia inspirerte meg til å lage ein vits, faktisk:

Det var ein gong to støvkorn som gjekk ein tur på rommet til Ida.
 Plutseleg sa det eine: "Eg trur vi blir forfulgt".

Neidå, kødda! Eg laga ingen vits, men eitt nyttårsforsett. Finnast det eit nynorsk ord for det eigentleg? Nyårsframhald? Eg innsåg nemeleg at det var gått for langt, så eg bestemte meg for at i det kommande året skal eg halde det ryddig rundt meg!
Dels fordi eg drog opp ein hybelblåkval som hadde stranda bak ein tjukkelabb under senga mi, og dels på grunn av det oppgjette uttrykket til vaskemannen som tilfeldeg vis gjekk forbi med moppen sin akkurat då. 
Vaskemannen vår er skitkul, forresten! Klokka seks om morgonen spring han rundt med moppen sin, vaskar og ryddar med den største entusiasmen eg har sett nokon vaske med, og det er sjeldan man møter så blide og smilande folk som han. Legg merke til "klokka seks om morgonen".
Då han var ferdig med dei plassane han skal vaske så kom han inn å hjalp meg. Han er første vaskepersonale eg har møtt på som insistera på å få vaske rommet mitt.

Dette vart ein veldig lang og kjedeleg tekst, med mykje tekst og lite anna enn tekst. Eg kan desverre ikkje supplere med bileter her pga at eg måtte sensurere den horrible hybelkaninslaktinga. Slikt er ikkje noko for barneauger som kan forville seg inn her.
Her er iallefall eit før og eit etterbilete:










No har eg flytta alt rotet inn på det nye rommet mitt, og av ein eller anna grunn ser da ikkje so veldig ut som rot lenger...


Bortsett frå sykkelen, då. Den gjer det heile eit ganske rotete preg. Nokon som vil ha den? Den heftig kul, har til og med tidsur og eit veldig oppmuntrande speedometer. Gearsystemet er svært genialt og gjer deg annledning til å finjustere akkurat kor mykje motstand du ynskjer.

Sjåsofindener,då! Du veit du har lyst på den!

SHIT! Eg gløymde nesten å ynskje deg eit godt, nytt år!
Slik såg min første dag i 2013 ut...




1 kommentar:

  1. de likna jo nesten på FORHÅPNINGANE om min fyrste dag i 2013 :)

    SvarSlett