Då eg kom tilbake etter hausferien var eine IKEA-posen min vekke. Eg tenkte: "Off! Den er nok tatt av vinden".
Sidan det mest produktive eg har gjort idag var å late som eg kunne å stoppe sokkar med sytrå tenkte eg: "Jaja, kan jo alltids sykle gjennom heile Aurland og sjå om eg finn den..."
Eg fant då fyst ein heftig sykkelsti langs elva, eit kosleg fiskarskjul, noko som likna på eit 20 meter langt jernbanespor og IKEAPOSENMIN! Hurra! Då tenkte eg: "Livet er jammen fint!"
søndag 14. oktober 2012
lørdag 13. oktober 2012
Eg trur eg har slått meg... HARDT!
Eg har vore på hyttetur med gamle kjende. Vi var oppe, etter mitt syn, ALTFOR lenge. Eg vart ganske dautrøtt utover kvelden, men likevel var eg lys vaken klokka 07:04. Sidan alle andre låg og sov, og eg var vaken og på ei hytte på fjellet, bestemde eg meg for å gå ein tur. Det gjor eg. Så gjekk eg ned igjen.
Som du ser, likna det meir på oppkast, og dessuten presterte eg å svi spagettien...
Då eg kom ned att til hytta møtte eg Are (den av hytteturdeltakarane som stilte med hytte) som også hadde vakna. Han hadde også bestemt seg for å gå ein tur, så eg blei med på den og. Han tok med seg rifle og hagle, så gjekk vi.
Grunnen til at eg trur eg har slått meg var at eg litt seinare fant meg sjølv speidande etter dyr i ein kikkert, med ei rifle på ryggen. Eg kan ikkje forklare kor utrulig feil det kjentest, på så utruleg mange måtar! Eg kan, heldigvis, melde om at alt vi skaut var ei bjørk.
Men eg trur ikkje eg har tatt noken varige skader av slaget... Eg gjor eit forsøk på å lage mat idag.
Som du ser, likna det meir på oppkast, og dessuten presterte eg å svi spagettien...
Det var noko herk å prøve å fjerne frå gryta...
onsdag 10. oktober 2012
Moskusand
Då eg kom hit til Aurland var mamma-moskusand og hennar ungar nokre av dei første som møtte meg.

Etter ei stund fekk eg vite litt meir om henne, bl.a. at ho var ei moskusand.
Moskusender et sniglar og vert seld som eit middel mot brunsniglen. Sannheten er at dei berre et brunsnigel dei første dagane, so blir dei lei og finn noko anna å ete. Så med mindre du plukkar brunsniglar og serverar desse til moskusanda di, så kan du i grunnen ikkje rekne med at ho et dei.
I det siste har dei blitt større. Først berre litt større enn andungar. No har dei blitt store.
Det rare var at før syntest eg ikkje det var så mange ender her, det var liksom berre mamma-moskusand og ei anna moskusand pluss ein pappa-moskusand. No er alle andungane blitt så store at man ser at dei er ender, så å gå inn i barnehagen (der dei bur) blir som å reise til andeby.
Eg var alltid fasinert over kor langt dei gjekk og kor heise god kustus mora har på dei. Å sjå dei krysse vegen var litt av eit syn! |
Etter ei stund fekk eg vite litt meir om henne, bl.a. at ho var ei moskusand.
Moskusender et sniglar og vert seld som eit middel mot brunsniglen. Sannheten er at dei berre et brunsnigel dei første dagane, so blir dei lei og finn noko anna å ete. Så med mindre du plukkar brunsniglar og serverar desse til moskusanda di, så kan du i grunnen ikkje rekne med at ho et dei.
Det rare var at før syntest eg ikkje det var så mange ender her, det var liksom berre mamma-moskusand og ei anna moskusand pluss ein pappa-moskusand. No er alle andungane blitt så store at man ser at dei er ender, så å gå inn i barnehagen (der dei bur) blir som å reise til andeby.
onsdag 3. oktober 2012
Engelskmannsnakk
Eg har ikkje noko kult å komme med for tida. Derfor gjer eg som engelskmannen og pratar om det som vi alle har ei meining om. Ikkje rovdyrpolitikk som biskopen i Hamar har så mykje ho skulle sagt om, nei. Eg snakkar sjølvsagt om vêret!
Vi har fine dagar her i Aurland, no!
Vi har fine dagar her i Aurland, no!
Fine dagar, ja! Shortsvêr og seinsommarsol, det er fint det! Det er vel ikkje akkurat det vi har no, då. Dette var vel strengt tatt for ein god månad sidan... No har vi mykje vått vêr. Store, blaute og, i følge bloggen til Randi, hamburgerforma regndropar har drive å dette ned frå himmelen. I dag tømmekøyrde vi hest og eg brukte min egen hest. Då eg henta ho kasta eg frå meg handtaket på gjeret på bakken, då eg var ferdig var det heilt vekke i ei SHVÆR pøyle av ein damm!
Abonner på:
Innlegg (Atom)