lørdag 13. oktober 2012

Eg trur eg har slått meg... HARDT!

Eg har vore på hyttetur med gamle kjende. Vi var oppe, etter mitt syn, ALTFOR lenge. Eg vart ganske dautrøtt utover kvelden, men likevel var eg lys vaken klokka 07:04. Sidan alle andre låg og sov, og eg var vaken og på ei hytte på fjellet, bestemde eg meg for å gå ein tur. Det gjor eg. Så gjekk eg ned igjen. 
Då eg kom ned att til hytta møtte eg Are (den av hytteturdeltakarane som stilte med hytte) som også hadde vakna. Han hadde også bestemt seg for å gå ein tur, så eg blei med på den og. Han tok med seg rifle og hagle, så gjekk vi.
Grunnen til at eg trur eg har slått meg var at eg litt seinare fant meg sjølv  speidande etter dyr i ein kikkert, med ei rifle på ryggen. Eg kan ikkje forklare kor utrulig feil det kjentest, på så utruleg mange måtar! Eg kan, heldigvis, melde om at alt vi skaut var ei bjørk.

Men eg trur ikkje eg har tatt noken varige skader av slaget... Eg gjor eit forsøk på å lage mat idag.

Som du ser, likna det meir på oppkast, og dessuten presterte eg å svi spagettien...
Det var noko herk å prøve å fjerne frå gryta...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar