Eg var alltid fasinert over kor langt dei gjekk og kor heise god kustus mora har på dei. Å sjå dei krysse vegen var litt av eit syn! |
Etter ei stund fekk eg vite litt meir om henne, bl.a. at ho var ei moskusand.
Moskusender et sniglar og vert seld som eit middel mot brunsniglen. Sannheten er at dei berre et brunsnigel dei første dagane, so blir dei lei og finn noko anna å ete. Så med mindre du plukkar brunsniglar og serverar desse til moskusanda di, så kan du i grunnen ikkje rekne med at ho et dei.
Det rare var at før syntest eg ikkje det var så mange ender her, det var liksom berre mamma-moskusand og ei anna moskusand pluss ein pappa-moskusand. No er alle andungane blitt så store at man ser at dei er ender, så å gå inn i barnehagen (der dei bur) blir som å reise til andeby.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar