onsdag 3. oktober 2012

Engelskmannsnakk

Eg har ikkje noko kult å komme med for tida. Derfor gjer eg som engelskmannen og pratar om det som vi alle har ei meining om. Ikkje rovdyrpolitikk som biskopen i Hamar har så mykje ho skulle sagt om, nei. Eg snakkar sjølvsagt om vêret!
Vi har fine dagar her i Aurland, no!



Fine dagar, ja! Shortsvêr og seinsommarsol, det er fint det! Det er vel ikkje akkurat det vi har no, då. Dette var vel strengt tatt for ein god månad sidan... No har vi mykje vått vêr. Store, blaute og, i følge bloggen til Randi, hamburgerforma regndropar har drive å dette ned frå himmelen. I dag tømmekøyrde vi hest og eg brukte min egen hest. Då eg henta ho kasta eg frå meg handtaket på gjeret på bakken, då eg var ferdig var det heilt vekke i ei SHVÆR pøyle av ein damm!
Her er mange fine fargar, om ikkje anna. Dessutan skjer det fortsett at sola ser til oss av og til!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar