Då eg kom tilbake etter hausferien var eine IKEA-posen min vekke. Eg tenkte: "Off! Den er nok tatt av vinden".
Sidan det mest produktive eg har gjort idag var å late som eg kunne å stoppe sokkar med sytrå tenkte eg: "Jaja, kan jo alltids sykle gjennom heile Aurland og sjå om eg finn den..."
Eg fant då fyst ein heftig sykkelsti langs elva, eit kosleg fiskarskjul, noko som likna på eit 20 meter langt jernbanespor og IKEAPOSENMIN! Hurra! Då tenkte eg: "Livet er jammen fint!"
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar