fredag 28. september 2012

GØY PÅ LANDET!

Igår hadde vi fordjupning heile dagen, noko som betyr at eg hadde hest heile dagen.
Det  var koselig, det! Dei andre har 0 erfaring med hest, så vi tar alt frå bar bakke. Litt kult å ha om strigling og påseling igjen og å få høyre det frå andre enn eg har høyrd det frå før.
Folk er FORSKELLIGE!

MEN til det interessante med dette inlegget. Eine hesten bæsja på bana, og etter kvar kom DEN svermen med fluger! Det var EKSTREMT! Når vi gjekk forbi var det som å gå inn i eit minikraftverk, og det laga ganske heftig lyd!
Vi har vel alle opplevd spyfluge inne i huset? Tenk deg den lyden gonge minst 1000! SYYGT!

Derfor begynte eg å nynne på den "Gøy på landet, gøy på landet! Sånt no' hakke de i by'n, nei det har de ikke", eller, eg nynna på "Og her er gris og høner, tenk, og mange store kuer, Og her er sikkert hundre tusen millioner fluer!"

Elles har eg fått smaken på vingummi uten gelatin, det er godt!

onsdag 26. september 2012

Langt innlegg, du gidd nok ikkje lese heile.

No har blogginga mi komme til det punktet der eg gløymer heile greia. Det same skjedde alle dei gongane då eg som liten skulle skrive dagbok og i fjor då eg skulle føre logg på fordjupningsfaget og om bruken av hesten. Dette resulterte i at eg måtte sette meg ned med ein kalendar for å finne ut kva eg hadde gjort, og når eg hadde gjort det. Alle som kjenner meg, veit at eg og datoar fungerar like godt saman som te og salt, så gjett korleis det pleier å gå.

Eg begynder med det vi har bedrevet idag: Traktorkøyring, innhausting og, for min del, soving ved eikvar anledning. Eg er innmari trøytt for tida, så eg brukar alle friminutt og andre anledningar til å sove. I pausen i traktorøkta (som består av at vi koplar av og på reiskapar for ingenting, køyrer rundt med traktor og hengar utan anna mål og meining enn at vi ikkje skal køyre ned noko/nokre på plassen) så la eg meg inn i innhegninga til Kimeline og somna. Eg vakna av at ei heise tunge og ein hårete mule sleika meg i fjeset og skubba litt i meg. Eg har aldri nokon gong vore så nær ved å hjartet i halsen! Så gjekk eg inn der alle dei andre sat å drakk kaffi og meinte at det var noko for meg.



































I innhaustingstimen hadde eg fått i meg middag (=energi), så då var eg meir eller mindre våken. Vi hausta inn raudbete og kål av eitt eller anna slag, så eg legg ved eit bilete av ein brokkoli som har gått i stokk (det vil sei at den har begynt å blomstre). Du hadde heilt rett, Randi, brokkoli er ein blomst!
Har forresten høyrd tidenes løk-vits:
"ikkje stress ho, då kan ho gå stokk".
Du som ikkje tok den treg ikkje fortvile, den er berre hysterisk morsomt om du kan litt om hagebruk.

Legg merke til den vakre støvelen min, eit kunstverk (teknikk: støvelmaling på gummistøvel) av Andrea Flølo. Er ikkje mange kunstverk som får meg til å dra på smilebåndet som den!



Så går vi vidare til igår:

Sauesank. Generell oppdatering: Skulen sine sauer vart henta av vg3, 19 stk vart ikkje funne. Dagen etter (fredag) var vg2 (oss) på ettersank. Vi fann ingenting som likna på sau. I helga arrangerte nokre av elevane eigen ettersanktur, då fann vi fem stk. Dagen etter fant nokre av elevane to sauer som var skutt i hovudet, bokstavleg talt. Derfor for vi opp igår og fant ingen sauer enda ein gong.









Berre for å få det forklart; vi er ikkje totalt dumme og leitar etter levande sau i ein halvmeter snø langt opp på fjellet, men vi lette etter kva-det-no-var rovfuglane som vart sett dagen før hadde sirkla over.
Enkelte av berga vi gjekk ned på, var fulle i is, og vi var litt skeptiske på gå på enkelte plassar (det var såpass at eg fekk "derfor sier jeg nei"-sangen Kjell i Olsenbanden jr synger på hjernen). Vi visste at litt lenger nede kom vi inn på ein kjempebra grusveg som vart laga av dei som har bygd ut kraftverka i Aurland og tenkte at då kom det til å gå kjapt.
Men vi tok feil. Vart ståande ganske lenge og lure på korleis vi skulle komme oss ned ei trapp som var glattlagd med is og litt snø på toppen...




Søndag var eg på dansing i Sogndal, fekk privattime og heftig bra trening, eg er fortsatt stiv i leggane...

Laurdagen var vi på sauesank. Eg hadde sjølvsagt glømt å kjøpe brød, så eg fekk litt problem når det gjaldt niste. Heldivis er eg eit geni og kom på at eg kunne jo berre ta med meg havregrynsgraut på ein termos. Dette var tidlig på morgonen, så dette verka über-lurt, og eg kunne ikkje fatte og begripe koffor eg aldri hadde sett/høyrd nokon gjere dette før. Så skulle eg få grauten over på termosen, då gav ting meining.
Det vart enda meir klart koffor graut på termos aldri har tatt av, då eg skulle få den ut av termosen...
Men den gav bra mengde energi!



Dei fem sauene vi fann, fann vi med ein gong, så vi fekk tid til å komme oss opp i terrenget for å sjå etter fleire.
Oppi høgda kom eg i lykkerus. Vi kom over ein flekk snø, liten, men perfekt! Perfekt lag med pudder og den beste konsistens du kan forestille deg på snø!
Så innsåg eg at skoa mine var våte og at Per Kinp (han som kniper deg i tåa om vinteren når du ikkje har gode nok sko på deg) var gått i jorda. Som vanleg gjekk han til angrep på terne mine, noko som drog meg ut av lykkerusen.










 Utsikta var ØYE bra! Det kom litt brått på for meg. At det skulle vere så utrulig vakkert her i Aurland liksom...

Vi fann ein stein som eit troll har delt i to. Det viser ikkje så utrulig bra på bilete, men det er to, ca. runde deler av ein stein som har kvar si heilt flate side. Litt som eit hardkokt egg som blir delt i to.
Og grunnen til at eg veit det var eit troll er enkel. Kven elles skulle klare å dele ein så stor stein i to? Ikkje søren om da var ei lita, pinglete kjempe, og vi veit alle at det ikkje finnast entar over tregrensa.





Vi laga lansanje då vi kom ned frå sauesankinga. Dette var lørdag 22. september om du lurte. Vi var så heldige at vi fann noko gratis mjelk vi kunne bruke. Den var heilt OK og nokon hadde kasta den i boss, kan du forstå sånt?
Lasanjen vart superb!







Ja, så går vi fram igjen til søndagen då eg skulle på dans. Eg hadde jo ikkje brød, så nistelaging var vanskeleg. Og graut var eg lei av.
Kva gjer man då når man har ein halv termos med graut, eitt egg frå to veke sidan, ein purre, geitost, diverse mjøl og sukker og smør? Jo, man blander graut, egg, litt sukker og noko mjøl og
steiker det på ei steikepanne og et med geiteost og purre!
Det synest eg vegde opp litt for graut-på-termos-tabba mi frå dagen før! 

torsdag 20. september 2012

Oversiktlig skulearbeid

No har eg og ein anna skrive ei oppgåve vi hadde i hest. Vi samarbeida ei stund, men det viste seg at eg kunne litt meir enn han, så det gjekk over til at han prøvde å tyde og omsette nynorsken eg skreiv. Vi snakka med dei hine i klassen nettopp, dei skreiv ca. ei side, vi kom opp i fem... Whoops! My bad!

Vi har hatt inneundervisning i heile dag. Først hadde vi tavleundervisning med ein nederlendar.
Legg merke til kor oversiktlig tavla er. Han gidd ikkje å viske ut det som allerede står/er teikna på tavla, men skriv/ teiknar over det som er der. Det verste er at eg faktisk forstår alle krussedullane, du har ein kaktus, eit grantre, kulturskog (med og uten vindfall), naturskog, eit mål (både som i eit mål ved og ein daa), ein isbre osv... Du ser vel DET?!

Etterpå hadde vi rekneskap, då tok eg notat som minner litt om tavla til nederlendaren...

onsdag 19. september 2012

Eit eple - eplet -fleire eple - alle epla

Idag har vi plukka eple på Winjum, som er eit heise eplefelt som tilhøyrer skulen. Tilsaman plukka vi eitt tonn idag. Dersom 80% av desse er klasse 1 ville vi fått 15kr/kg for dei = 12 000kr + resten til press kr 7 per kg = 1 400. Det vil seie at vi idag plukka eple til ein verdi av 13 400kr. Det er ca INGENTING! Dessuten så har skulen inngått ei sjukt bra kontrakt som gjer at man sel alt av epler til balholm (saftprodusent) og får ca 7 kr/kg for dei... LURT!
























Eg er rimelig sikker på at om makken skulle selge eplene, så ville han selge 1klasse-eple som 1klasse-eple og ikkje som pressfrukt, men da e no so!



Som vanleg var været med oss. Både dei som lika sol og dei som lika regn fekk det som dei ville!

tirsdag 18. september 2012

Oppdatering

 Sidan sist har vi begynt med hest. Her er eine skulehesten, ho heiter Almitra og er veldig pen. Særleg når vi skal ta bileter, då gjer ho seg så fin som ho klarar!
Vi har vore på gartneriet. Der jobba det mange utlendigar, som for det meste snakkar engelsk. Derfor er alt oversett til engelsk. På alle bosspanna stå det både norske og engelske ord for kva man skal ha oppi, men her har dei glømt å skrive det norske. "Sjefsboss!" 


Moskusanda tek fortsatt med seg andungane (som eigentleg begynder å bli ganske store) ut på tur. Dei kosar seg stort når dei får lov til å gå rundt å ete brunsniglar! Og eg kosa meg stort når eg kan sitte å sjå på at dei vralta rundt, medan eg et andre ting enn brunsinglar.

 Eg las i eit blad for økoagronomar. Der sto det at man ikkje skal redde ugraset... 
Det syntest eg var litt rart. Eg har nemleg aldri høyrd om nokon som går rundt å reddar ugras...








Joda... eg fekk det forklart at greia var at bonden Nils ikkje var redd for ugras.
Eg har vore på konsert med Thea Hjelmeland. Det er blandt dei beste konsertane eg har vore på! Det var på ein låve under Natur og Ungdom sin aksjonsleir der vi øvde på sivil ulydighet. (chek it out!)


I tillegg har verdens beste hest komme hit! Endeleg! Ho haltar fortsatt, men elles har ho det superb! Det første ho gjore var å forete seg, så ho la seg ned med eg klypte manen hennar. Verdens beste!


mandag 10. september 2012

Epler og skitfluger

Berre for å forvirre folk, og gjere logisk tenking 
teit og ubrukleg, byrjar modninga i midten av 
eplet. Det logiske ville vere at det modnast på
utsida først, sidan det er der sola skinner, men
den gong ei!
Idag har eg lært at man ikkje berre kan gå ut i eplehagen, smake på eple og bestemme seg om det er modent. Man må også putte det i ei jod-blanding, som kostar ca. 1000,- for ei ganske lita flaske, for å sjå om da blir svart. Viss da blir svart er ikkje stivelsen omdanna til glukose (ikkje drep meg om eg skriv feil no), og då smaka eplet surt.
Skal man gjere da heilt på skikkelig så skal da komme noken folk som tek seg betalt for å hente ut eitt eple frå skuggesida og eitt frå solsida på bestemte av trea i eplefeltet ditt. Av desse blir det skåre ei skive som går over både skuggesida (den gule sida på eple) og solsida (den raude sida på eplet) på eplet, og så av alle dei epleskivene skal det skvisast ein dråpe saft som man ser på i eitt instrument som måler sukkernivået ved hjelp av lysbryting.









Også idag har eg fått meg nye vener! Over ser vi ein snigel som ikkje ville sleppe taket på fingeren min, og under veit eg ikkje kva vi ser. Den var diger, raud og heise rask. På eine bildet ser man peikefingeren min, men åma var, ich, like stor som lisjefingeren min.

 










Her var eg ute på longboardet då mine hypersansar  gjorde til at eg såg denne åma tidsnok til at eg akkurat klarte å stogge! 
Det der kunne blitt heftig stygt!








Eg tok longboardet opp til Turlifossen. Det var fint der. Idag også.
Kyrne gjekk der. Eg trur ikkje dei tenkte på om det var fint der eller ikkje. Eg trur dei tenkte: "Fobanna skitfluge! DØ!!! No skal eg drukne deg med tunga mi!" også åt dei gras.



søndag 9. september 2012

Lykke er...

...ballett! Idag var eg, for første gong på lenge, på ballettrening. Alt foregjekk på ei fin blanding av sognemål, engelsk og ballettspråk (stort sett fransk). Det gjore ting litt meir... interessant.













... å sleppe å stresse for å nå bussen.
















... overprisa cola på ferga, sjølv om eg ikkje likar cola.

... å stå på dekk i 10 minutt og nyte verdens finaste land med dramatiske fjell, leikande niser og frisk, rein luft.

... asiater-ektepar, med matchande lilla boblejakker.

... å komme inn på bussen der folk, som var for opptatt med å vere utålmodige til å gå ut, sitter utålmodige og uvitande om kva dei går glipp av når dei blir igjen der inne. Eller, det er kanskje meir tragisk i grunnen...






... folk som lagar råkostkake som skal forestille Jing Jang











... snø på fjelltoppane!













Sånne skilt irriterar meg. Kva skjer om man tar med
293 passasjera? Og eine pennen min: "Keep below
48ºC". Eg får iallefall sjukt lyst til å ta med nr 293 på ferga!

lørdag 8. september 2012

Ventetida er over!

Det har komme snø inatt! Og i går natt, men det var ikkje like mykje...

No har det blitt såpass rotete på rommet at da ikkje er kjekt å vere her, så eg gjekk på fjelltur. Til Prest, som er eit svært kjent fjell med veldig bra utsikt.
Det var veldig fint og bra oppover. Sjukt fint, overraskande nok... Har eg nemnt at Aurland er ein usedvanleg fin plass?
Fjellvettregel nr 11: Gå alrdi i fjellet utan ein kjepp!
Døme på ein som glømte fjellvettregel nr. 11
Er du av typen som lar deg irritere, 
av folk (les: fjell) som alltid skal imponere? 
Har du et kjøleskap, har du en TV?
Da har du alt du trenger for å leve!



Som sagt: Det var heftig bra utsikt på vegen opp!


Ein skulle kanskje tru at utsikta på toppen var mållaus, åndetakande og ubeskriveleg, men:


Det vart liksom ganske kvitt... Skodde kalla eg det, "tååge" kalla dansken i klassen det for.

Det der er nedover. Eg var i                  
grunnen litt glad for at det var skodde...
 utan utsikt
Vi var tre jenter og ein gur (dansken). Sidan vi var på toppen av eit fjell fant vi ut at vi skulle følge trenden for bilde, nemleg naking. Vi prøvde å forklare konseptet og gav han kamera. Stakkaren vart likevel litt overraska då vi kasta kleda...