lørdag 8. september 2012

Ventetida er over!

Det har komme snø inatt! Og i går natt, men det var ikkje like mykje...

No har det blitt såpass rotete på rommet at da ikkje er kjekt å vere her, så eg gjekk på fjelltur. Til Prest, som er eit svært kjent fjell med veldig bra utsikt.
Det var veldig fint og bra oppover. Sjukt fint, overraskande nok... Har eg nemnt at Aurland er ein usedvanleg fin plass?
Fjellvettregel nr 11: Gå alrdi i fjellet utan ein kjepp!
Døme på ein som glømte fjellvettregel nr. 11
Er du av typen som lar deg irritere, 
av folk (les: fjell) som alltid skal imponere? 
Har du et kjøleskap, har du en TV?
Da har du alt du trenger for å leve!



Som sagt: Det var heftig bra utsikt på vegen opp!


Ein skulle kanskje tru at utsikta på toppen var mållaus, åndetakande og ubeskriveleg, men:


Det vart liksom ganske kvitt... Skodde kalla eg det, "tååge" kalla dansken i klassen det for.

Det der er nedover. Eg var i                  
grunnen litt glad for at det var skodde...
 utan utsikt
Vi var tre jenter og ein gur (dansken). Sidan vi var på toppen av eit fjell fant vi ut at vi skulle følge trenden for bilde, nemleg naking. Vi prøvde å forklare konseptet og gav han kamera. Stakkaren vart likevel litt overraska då vi kasta kleda...



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar