torsdag 6. september 2012

Trollteiner, poteter og utedoer

Mobilen min driv fortsatt med sann halvvegs sultestreik. Den lada seg opp til 38, om eg er heldig 40%, så det blir ikkje nokre nye bileter idag.
Vi har tatt opp potet idag. Vi brukte hest, traktor og nevar.
Då skuledagen var ferdig fortsette vi å plukke poteter. Det er det fine med denne skulen, ingen klagar over det å sitte i ein potetåker heile dagen. Tvert imot! Eg fekk ein skikkelig god klem av ei i klassen som vart så glad over at alle var i åkeren og at ho fekk sitte å grave i jorda. Det var nokon som meite at det er stoffar i jorda som gjer deg i godt humør. 
Dei potetene, og kolerabiten med skjønnheitsfeil, vi plukka etter skulen skal vi ha sjølv. Saman med å hente ting butikken har kasta i boss, er det ein måte å spare pengar. Det er ganske kult egentlig. 
Dessuten er eg blitt for utedo. No tenker du kanskje "No har det offisielt  klikka for ho", eller kanskje: "HÆ? Utedo? Når ho bur mindre enn 5 min frå ein do det står 'IDO' på?". Men uansett: Vi eter jækla mykje næringsrik mat, og alle næringstoffa skyller vi i do. Fair enough so kjem dei tilbake på sett og vis, men det er jo mykje betre å bruke bæsjen direkte! (Sjølvsagt etter at den er kompostert og ikkje på ting vi eter)

No over til krabbeteiner som heng 10 meter oppe i fjellveggen.
Er det normalt? Eg blir litt redd, merkar eg. Kva håper man på å få i slike teiner? For det var ein tein og ikkje eit rasnett. Er det flygekrabber man håper å fange, kanskje? Eller bergkrabber som klatrar opp i fjellveggar? Det første eg tenkte var: "Å fyttisteike! Den der er sikkert beregna for troll! Kanskje det er noko i konseptet til "Trolljegeren" likevel?" Sjå det for deg. Små bergtroll som kjem ut og luskar om natta. Dei kan ikkje vere blandt dei største, med tanken på størrelsen på teinen, men likevel. Troll er troll!
 Nei, lat oss tenkja på noko mindre skremmande. Miljøureing til dømes:



Eg nemde tidlegare at eg likte Årdal betre enn Stryn. Eg snakkar då, sjølvsagt, om fergene som går mellom Lærdal og Kaupanger. Dette er ein av hovudgrunnane til at eg ikkje likar Styrn så godt. Det kjem ei heftig svart sky ut av pipedingsen. Det er sikkert ikkje så gale som det ser ut, menmen. Svart røyk er svart røyk, og når det kjem til røyk er eg ganske rasistisk! Den må vere kvit, bestå av H2O og kallast damp for at eg skal like den. Faktisk er eg villeg til å gå så langt som til etnisk reinsing når det kjem til røyk... 

Denne fluga venta på bussen saman med meg
i 30 minutt. Vi vart skikkelig gode vennar! Håpar
ho legg meg til på facebook, liksom.
Eg har forresten hatt ei økt på tåspisssko, som kom til skade for å utvikle seg til styrketrening for opptil fleire av musklane i kroppen som eg avslutta med ein kort (til meg å vere) kjapp joggetur med litt stigning. Sjukt digg, men eg merkar at eg blir nødt å dusje. So eg gidde ikkje skrive meir no. So no var du heldig om du var lei av å lese!
PS: "Nattlampesangen" er misvisande, grøne poteter smakar ikkje godt! Dei innehelder klorofyll og poteta er så stressa at ho har produsert mykje solanin. Det lærte eg då eg var i åkeren som 5-åring og det var det nokon av dei i klassen min som ikkje visste. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar