Sidan sist har vi begynt med hest. Her er eine skulehesten, ho heiter Almitra og er veldig pen. Særleg når vi skal ta bileter, då gjer ho seg så fin som ho klarar!
Vi har vore på gartneriet. Der jobba det mange utlendigar, som for det meste snakkar engelsk. Derfor er alt oversett til engelsk. På alle bosspanna stå det både norske og engelske ord for kva man skal ha oppi, men her har dei glømt å skrive det norske. "Sjefsboss!"
Moskusanda tek fortsatt med seg andungane (som eigentleg begynder å bli ganske store) ut på tur. Dei kosar seg stort når dei får lov til å gå rundt å ete brunsniglar! Og eg kosa meg stort når eg kan sitte å sjå på at dei vralta rundt, medan eg et andre ting enn brunsinglar.
Eg las i eit blad for økoagronomar. Der sto det at man ikkje skal redde ugraset...
Det syntest eg var litt rart. Eg har nemleg aldri høyrd om nokon som går rundt å reddar ugras...
Joda... eg fekk det forklart at greia var at bonden Nils ikkje var redd for ugras.
Eg har vore på konsert med Thea Hjelmeland. Det er blandt dei beste konsertane eg har vore på! Det var på ein låve under Natur og Ungdom sin aksjonsleir der vi øvde på sivil ulydighet. (chek it out!)
I tillegg har verdens beste hest komme hit! Endeleg! Ho haltar fortsatt, men elles har ho det superb! Det første ho gjore var å forete seg, så ho la seg ned med eg klypte manen hennar. Verdens beste!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar