Idag har vi plukka eple på Winjum, som er eit heise eplefelt som tilhøyrer skulen. Tilsaman plukka vi eitt tonn idag. Dersom 80% av desse er klasse 1 ville vi fått 15kr/kg for dei = 12 000kr + resten til press kr 7 per kg = 1 400. Det vil seie at vi idag plukka eple til ein verdi av 13 400kr. Det er ca INGENTING! Dessuten så har skulen inngått ei sjukt bra kontrakt som gjer at man sel alt av epler til balholm (saftprodusent) og får ca 7 kr/kg for dei... LURT!
Eg er rimelig sikker på at om makken skulle selge eplene, så ville han selge 1klasse-eple som 1klasse-eple og ikkje som pressfrukt, men da e no so!
Som vanleg var været med oss. Både dei som lika sol og dei som lika regn fekk det som dei ville!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar