mandag 3. september 2012

Rydding er oppskrytt!

No burde eg gjere lekser, så eg skriv eit blogginnlegg. Eg kan ikkje komme på noko anna eg må gjere, bortsett frå å rydde, men det er oppskrytt!


Kyr. Ei ku, den kua, fleire kyr, alle kyrne. Idag henta vi kyrne til skulen. Nokre av dei sa "mø" av og til.
Dei var veldig flinke og fant på veldig lite tull. Det einaste var at ho der, lat oss kalle ho Kurt, dreiv å mobba litt på det einaste fjorfeet vi har her på skulen.



Dei fant ikkje ein gong på tull inne i den lyslause tunellen vi var gjennom!




Det hadde nok eg gjort om eg var ei ku, og nokon meinte eg skulle gå gjennom ein lyslaus tunell, som pga lysmangel var heilt bekmørk.

På hi sida av tunnellen såg eg noko som vekte oppsikt.
 

Du ser det du og? Hjulspora som går parallelt med vegen? Stakkaren har jo bomma fullstendig på vegen! Tenk deg å vere so lite treffsikker på vegen og skulle køyre gjennom ein bekmørk, lyslaus tunell. Det kan umulig vere særlig kjekt!

Vi gjekk langs hovudvegen (E6, trur eg, men er ikkje sikker).
Det var iallegall langs ein av vestlandet sine mange trygge og rassikre vegar. Den hadde autovern. Kyrne gjekk som regel på rekke og rad, men når det kom bilar breia dei seg ut over heile vegen. Heilt serriøst. Ein gong var det ein bil som hadde køyrd forbi nesten alle kyrne, men då var ho som gjekk fremst rask med å komme seg midt i vegen.

Vi leia dei ned ein av sidedalane til Aurlandsdalen (som eg skreiv om tidlegare). Det viste seg å vere ganske fint der.

Kor typisk er ikkje det? Var ikkje ei einaste høgspentlinje der for å øydelegge utsikta eingong!

Om man såg godt nok etter inne i steinura, så kunne man til og med sjå oppmerka tursi!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar