No har blogginga mi komme til det punktet der eg gløymer heile greia. Det same skjedde alle dei gongane då eg som liten skulle skrive dagbok og i fjor då eg skulle føre logg på fordjupningsfaget og om bruken av hesten. Dette resulterte i at eg måtte sette meg ned med ein kalendar for å finne ut kva eg hadde gjort, og når eg hadde gjort det. Alle som kjenner meg, veit at eg og datoar fungerar like godt saman som te og salt, så gjett korleis det pleier å gå.
Eg begynder med det vi har bedrevet idag: Traktorkøyring, innhausting og, for min del, soving ved eikvar anledning. Eg er innmari trøytt for tida, så eg brukar alle friminutt og andre anledningar til å sove. I pausen i traktorøkta (som består av at vi koplar av og på reiskapar for ingenting, køyrer rundt med traktor og hengar utan anna mål og meining enn at vi ikkje skal køyre ned noko/nokre på plassen) så la eg meg inn i innhegninga til Kimeline og somna. Eg vakna av at ei heise tunge og ein hårete mule sleika meg i fjeset og skubba litt i meg. Eg har aldri nokon gong vore så nær ved å hjartet i halsen! Så gjekk eg inn der alle dei andre sat å drakk kaffi og meinte at det var noko for meg.
I innhaustingstimen hadde eg fått i meg middag (=energi), så då var eg meir eller mindre våken. Vi hausta inn raudbete og kål av eitt eller anna slag, så eg legg ved eit bilete av ein brokkoli som har gått i stokk (det vil sei at den har begynt å blomstre). Du hadde heilt rett, Randi,
brokkoli er ein blomst!
Har forresten høyrd tidenes løk-vits:
"ikkje stress ho, då kan ho gå stokk".
Du som ikkje tok den treg ikkje fortvile, den er berre hysterisk morsomt om du kan litt om hagebruk.
Legg merke til den vakre støvelen min, eit kunstverk (teknikk: støvelmaling på gummistøvel) av
Andrea Flølo. Er ikkje mange kunstverk som får meg til å dra på smilebåndet som den!

Så går vi vidare til igår:
Sauesank. Generell oppdatering: Skulen sine sauer vart henta av vg3, 19 stk vart ikkje funne. Dagen etter (fredag) var vg2 (oss) på ettersank. Vi fann ingenting som likna på sau. I helga arrangerte nokre av elevane eigen ettersanktur, då fann vi fem stk. Dagen etter fant nokre av elevane to sauer som var skutt i hovudet, bokstavleg talt. Derfor for vi opp igår og fant ingen sauer enda ein gong.
Berre for å få det forklart; vi er ikkje totalt dumme og leitar etter levande sau i ein halvmeter snø langt opp på fjellet, men vi lette etter kva-det-no-var rovfuglane som vart sett dagen før hadde sirkla over.
Enkelte av berga vi gjekk ned på, var fulle i is, og vi var litt skeptiske på gå på enkelte plassar (det var såpass at eg fekk "derfor sier jeg nei"-sangen Kjell i Olsenbanden jr synger på hjernen). Vi visste at litt lenger nede kom vi inn på ein kjempebra grusveg som vart laga av dei som har bygd ut kraftverka i Aurland og tenkte at då kom det til å gå kjapt.
Men vi tok feil. Vart ståande ganske lenge og lure på korleis vi skulle komme oss ned ei trapp som var glattlagd med is og litt snø på toppen...
Søndag var eg på dansing i Sogndal, fekk privattime og heftig bra trening, eg er fortsatt stiv i leggane...

Laurdagen var vi på sauesank. Eg hadde sjølvsagt glømt å kjøpe brød, så eg fekk litt problem når det gjaldt niste. Heldivis er eg eit geni og kom på at eg kunne jo berre ta med meg havregrynsgraut på ein termos. Dette var tidlig på morgonen, så dette verka über-lurt, og eg kunne ikkje fatte og begripe koffor eg aldri hadde sett/høyrd nokon gjere dette før. Så skulle eg få grauten over på termosen, då gav ting meining.
Det vart enda meir klart koffor graut på termos aldri har tatt av, då eg skulle få den ut av termosen...
Men den gav bra mengde energi!
Dei fem sauene vi fann, fann vi med ein gong, så vi fekk tid til å komme oss opp i terrenget for å sjå etter fleire.
Oppi høgda kom eg i lykkerus. Vi kom over ein flekk snø, liten, men perfekt! Perfekt lag med pudder og den beste konsistens du kan forestille deg på snø!
Så innsåg eg at skoa mine var våte og at Per Kinp (han som kniper deg i tåa om vinteren når du ikkje har gode nok sko på deg) var gått i jorda. Som vanleg gjekk han til angrep på terne mine, noko som drog meg ut av lykkerusen.
Utsikta var ØYE bra! Det kom litt brått på for meg. At det skulle vere så utrulig vakkert her i Aurland liksom...
Vi fann ein stein som eit troll har delt i to. Det viser ikkje så utrulig bra på bilete, men det er to, ca. runde deler av ein stein som har kvar si heilt flate side. Litt som eit hardkokt egg som blir delt i to.
Og grunnen til at eg veit det var eit troll er enkel. Kven elles skulle klare å dele ein så stor stein i to? Ikkje søren om da var ei lita, pinglete kjempe, og vi veit alle at det ikkje finnast entar over tregrensa.
Vi laga lansanje då vi kom ned frå sauesankinga. Dette var lørdag 22. september om du lurte. Vi var så heldige at vi fann noko gratis mjelk vi kunne bruke. Den var heilt OK og nokon hadde kasta den i boss, kan du forstå sånt?
Lasanjen vart superb!
Ja, så går vi fram igjen til søndagen då eg skulle på dans. Eg hadde jo ikkje brød, så nistelaging var vanskeleg. Og graut var eg lei av.
Kva gjer man då når man har ein halv termos med graut, eitt egg frå to veke sidan, ein purre, geitost, diverse mjøl og sukker og smør? Jo, man blander graut, egg, litt sukker og noko mjøl og
steiker det på ei steikepanne og et med geiteost og purre!
Det synest eg vegde opp litt for graut-på-termos-tabba mi frå dagen før!