mandag 10. september 2012

Epler og skitfluger

Berre for å forvirre folk, og gjere logisk tenking 
teit og ubrukleg, byrjar modninga i midten av 
eplet. Det logiske ville vere at det modnast på
utsida først, sidan det er der sola skinner, men
den gong ei!
Idag har eg lært at man ikkje berre kan gå ut i eplehagen, smake på eple og bestemme seg om det er modent. Man må også putte det i ei jod-blanding, som kostar ca. 1000,- for ei ganske lita flaske, for å sjå om da blir svart. Viss da blir svart er ikkje stivelsen omdanna til glukose (ikkje drep meg om eg skriv feil no), og då smaka eplet surt.
Skal man gjere da heilt på skikkelig så skal da komme noken folk som tek seg betalt for å hente ut eitt eple frå skuggesida og eitt frå solsida på bestemte av trea i eplefeltet ditt. Av desse blir det skåre ei skive som går over både skuggesida (den gule sida på eple) og solsida (den raude sida på eplet) på eplet, og så av alle dei epleskivene skal det skvisast ein dråpe saft som man ser på i eitt instrument som måler sukkernivået ved hjelp av lysbryting.









Også idag har eg fått meg nye vener! Over ser vi ein snigel som ikkje ville sleppe taket på fingeren min, og under veit eg ikkje kva vi ser. Den var diger, raud og heise rask. På eine bildet ser man peikefingeren min, men åma var, ich, like stor som lisjefingeren min.

 










Her var eg ute på longboardet då mine hypersansar  gjorde til at eg såg denne åma tidsnok til at eg akkurat klarte å stogge! 
Det der kunne blitt heftig stygt!








Eg tok longboardet opp til Turlifossen. Det var fint der. Idag også.
Kyrne gjekk der. Eg trur ikkje dei tenkte på om det var fint der eller ikkje. Eg trur dei tenkte: "Fobanna skitfluge! DØ!!! No skal eg drukne deg med tunga mi!" også åt dei gras.



1 kommentar:

  1. Den store røde larven er larven til en løvtredreper, eller Cossus cossus. Se også https://no.wikipedia.org/wiki/Vanlig_tredreper Voldsomme greier :)
    Jan

    SvarSlett