Først sette vi ut garn i eit vant, så drog vi oppatt garna. Fisk hadde svømt og ana fred og inga fare når dei plutseleg fastna i garna. Nokre hadde døydd av utmattelse i garne, andre var fortsatt levande då vi drog opp netta.
Det var ikkje kult og eg følte meg utilpass.
Mobilen min har begynt med sultestreik i form av at den nektar å reagere på.... rakk eg å skrive før eg no ser at mobilen tydligvis har lada sjølv om den ikkje laga lyd når eg plugga i ladaren. Jaja, då har eg ikkje nokon god grunn til at eg ikkje tok bilete på turen.
Men eg har nokre bilde som eg har droppa å ta med tidlegare som eg kan ta med her. Blir kjedeleg uten bilder...
| Etter ein av dei mange turane vi har gått på fann eg ein leikeplass. Eg trur kanskje at HMS ikkje er heilt oppegåande på alle leikeplassar... |
| Ho indonesiadama laga dei sjukaste lydane i det ho kasta kva det no var ho fôra måsane med. Typen tok sikkert 1 terrabite bilete av fuglane. |
| Ho der er veldig flink med ungane sine! Ho tek dei med på lange turar og over vegen. Ho passa alltid på å sjå seg godt om før ho kryssar. Skitkult når ho kjem vraltande med ungane på rekke! |
Og imorra finn du meg utkledd som Turbo på Hafstadfjellet, trur eg...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar