fredag 31. august 2012

Prøvefiske

Eg har brukt dei to siste dagane på mord, også kalla prøvefiske.
Først sette vi ut garn i eit vant, så drog vi oppatt garna. Fisk hadde svømt og ana fred og inga fare når dei plutseleg fastna i garna. Nokre hadde døydd av utmattelse i garne, andre var fortsatt levande då vi drog opp netta.
Det var ikkje kult og eg følte meg utilpass.

Mobilen min har begynt med sultestreik i form av at den nektar å reagere på.... rakk eg å skrive før eg no ser at mobilen tydligvis har lada sjølv om den ikkje laga lyd når eg plugga i ladaren. Jaja, då har eg ikkje nokon god grunn til at eg ikkje tok bilete på turen. 
Men eg har nokre bilde som eg har droppa å ta med tidlegare som eg kan ta med her. Blir kjedeleg uten bilder...

Etter ein av dei mange turane vi har gått på fann eg ein leikeplass.
Eg trur kanskje at HMS ikkje er heilt oppegåande på alle leikeplassar...
Eg har 1000 gode grunnar til å plassere ein stige akkurat der.
1. Det er ingen sti bort der
2. Man må krysse ei bra stor elv
for å komme bort dit.
3. Man kan plage livskiten av folk som likar logikk.
osv..

Ho indonesiadama laga dei
sjukaste lydane i det ho kasta
kva det no var ho fôra måsane med.
Typen tok sikkert 1 terrabite bilete av fuglane. 
                                                                                      
Ho der er veldig flink med ungane sine! Ho tek
dei med på lange turar og over vegen. Ho passa
alltid på å sjå seg godt om før ho kryssar. Skitkult når ho kjem vraltande med ungane på rekke! 
Lærdalstunellen er (sirka) 24 509 m lang. Den er delt opp i 4 delar,
mellom kvar del har man eit sånt kammer. Det å sitte på bussen
med mange asiatarar og køyre inn i desse er kult. Dei lagar facinerande
lydar og knipsar sjuke mengder bilete. Særlig i det første kammeret,
i dei neste dabbar det av litt...
Ellers har eg lært meg at Årdal er betre enn Stryn (ja, eg snakkar sjølvsagt om fergene som går mellom Lærdal og Kaupanger (?)).
Og imorra finn du meg utkledd som Turbo på Hafstadfjellet, trur eg...

onsdag 29. august 2012

Do, tomatar og sånt.

No har eg nettopp vore å klatra i Aurlandshallen, ein særs oppegåande hall som er bygd for tre år sidan. Der er gymsal med fin størrelse, badebasseng, spinninghall, trengingsrom, finfin klatrevegg og mykje, mykje meir! Den er skitfin og svært lite brukt, med tanke på at Aurland har svært få innbyggarar og kun ein liten prosentdel av dei brukar hallen. Uansett: eg har plana om å ta brattkort, så no må eg trene. Det har eg gjort og no er eg sliten, så eg sleit med å tørke meg etter eg var på do no nettopp. Det gjorde til at eg kom på ein do eg såg hin dagen:
SO SINNSJUKT PRAKTISK! Tenk deg kor opplysande dei tre bokstavane kan vere for folk som ikkje er så dovande! Dømer følger:

Ein person må på tisse/bæsje og spør dei som jobbar på muset (denne doen var på eit museum her i Aurland) og blir vist til toalettet. Personen går inn på det trange romet og tenkjer "hmm... kvar skal eg tisse?", så ser han doskåla og ser bokstavane IDO. "Genialt", tenker mannen og tissar/bæsjar i doen.

Ida kjem inn på ein do og tenkjer "hmm... kva var det no eg heitte, igjen?". Ho ser bokstavane på doskåla og kjem straks på namnet sitt.

Steve Jobbs treng inspirasjon til kva han kan kalle telefonane, musikkspelarane og lesebretta for at dei skal bli assosiert med kvarandre. Han kjem inn på doen og les iDO på doskåla, og då var da gjort.

Mannen skal gifte seg og er heise nervøs før vigelsen. Dette fører til at han må tisse. Medan han står der og tissar, kan han samtidig pugge alt han treng å sei. "I do!"


Elles har eg plukka løk idag. På brutal måte rive den opp av jorda og lagt den til tørking. For meg vart det å rive mine kjære namnebrødre opp av jorda på den måten litt sterkt, så eg måtte la tårene komme. Vi har også plukka nokre graskar, og køyrd traktor!


Det her er den største tomaten eg har sett! Og eg har sett mange
 tomatar opp gjennom tidene! Dei andre tomatane rundt er vanlig  tomatstorleik, og fingeren min er vanleg fingerstorleik!

mandag 27. august 2012

Sykkeltur med automatgir

Det er eit velkjent fenomen at bilar med automatisk girsystem ofte vel for lågt gir. Idag skulle vi sykle opp dei 600 høgdemeterane til utkikkspunktet, og eg lånte sykkel med skulen.
   Den var slik:
- Ingen frambremse
- 8 gir
- Den bremsa når man trør feil veg
- Det kjennast ut som den har skeiv forstilling, ikkje at eg forstår det når den berre har eitt hjul framme...


Det var ganske bratt, så eg gira ned, men dette ville ikkje sykkelen vere med på, så den dreiv å gira opp og ned heile tida, som regel holdt den seg på eitt for høgt gir. Det var tungt og eg vart sleten!
Sånn såg eg ut då. Det var heftig tungt!

Moralen er: Ikkje sats på sykla som trur dei har automatgir, dei vel for høgt gir. Heller må du ikkje satse på bilar med automatgir då dei ofte vel for låge gir som ikkje er bra for miljøet.





Nok om mine vakre miner når eg eg sleten og frustrert. Lat oss sjå på geiter!
Denne geita var litt sjuk, men den var pen fordi! Ho hosta på meg <3
Vi var i Flom for å sjå på geitene til skulen. Der fekk vi smake geitost type gul og brun, geiteyogurt (som er den beste yogurten eg nokon sinne har smakt), geitefetaost, ferskost osv... Det var skitgodt, var det!
Vi fekk omvising i ysteriet og fekk sjå på ostelageret. Der var det mykje ost, og det lukta deretter.
Det grå greiene er mygl som gjer smak og beskyttar osten.
Personlig synest eg det er sært, men osten var god, og
den eldste var faktisk best...


Det var ikkje ei sky på himmelen og verden var fin deroppe.

Litt for fin, spør du meg. Tenk kor forstyrrande dette må vere for trafikken! Spør du meg bør her plasserast eitt par piper som spyttar ut svart røyk der. Dei som bur der må jo tenkje at resten av verda er drittstygg, stakkars!

Den perfekte plass å dø!

Igår var eg på tur. Det var veldig fin natur der. Det var kjekt å gå på tur. 





Det var crazy fint der! Eg fekk det ikkje fram på bilda, men det var virkelig vakkert der! Faktisk var det så fint at eg begynte å teke på den tingen eg alltid tenker på når eg ser fine plassar: SJØLVMORD!
Dette trur eg må vere den perfekte plassen å dø på! Sinnsjukt fin natur overalt, samtidig som man har fine hammarar og stupbratte fjellsider å kaste seg utfor. Skulle du ikkje dø av det, riskerar du å drukne i det klåraste vatnet eg nokon gong har sett! Herlig flott naturopplevelse inn i den evige kvile, liksom! Ikkje at det blir ein så flott naturopplevelse for dei som må fjerne liket etter deg...
No vil eg sjølvsagt ikkje oppfordre nokon til sjølvmord. Eg meiner at det er ein dum ting, som man ikkje bør prøve! Med mindre du er smitta av rabies, då. Eg legg ved ein fin sang som kan hjelpe den som slit med suisidale tankar: Don't try suicide av Queen

Turen var seks timar lang, og vi var innom Sinjarheim, som er stølen til  SJH  (Sogn Jord- og Hagebrukskule). Eg fekk ikkje tatt bilder av den, men den er også crazy fin! Tidligare var det eit bruk var bebudd heile året. Grunnen til at eg ikkje fekk tatt bilder av den var at eg vart litt opphengd i ein sommarfugel framfor ein foss.
Har eg nemnt kor utrulig glad eg er i biletkvaliteten på iPhonen min?

Vetlehelvette er ein bunnlaus dam omringa av store steinar. Det ser ut som ei gamal jettegryte som har kollapsa, men for all del, det kan godt vere ein del av Satan sitt rike. Eg forstår iallefall godt at han har plassert det i den flotte naturen!

Dei seier at her i Aurland er det så frodig at man
kan ha tre gongar så mange dyr på kvadratmeteren.
Eg trur på det!



Der framme ligg Sinjarheim! 
Det er ein svak regnboge der og, om du er interessert i 
regnbogar og sånt.

Stigen var litt kronglete, men vi hadde tak! 
Det var bratt og høgt. Eg vart redd og tok eit bilete.


TENK så sjukt GULLHÅR dei må ha hatt i ræva! Var vel 20cm til og den hadde tatt huset! DET er FLAKS, DET!

lørdag 25. august 2012

Jasså! Døkk sitt å glor!

Idag har eg rydda! Endeleg har eg kjøpt korger til kleda mine, så den haugen som låg midt på golvet er fjærna. Trudde eg iallefall... Eg tok eit bilde for å brife med det finefine rommet mitt som var så ryddig...
Når eg ser etter på bilde, så ser eg jo at ryddig er å ta i, men her er iallefall ikkje ein stor haug midt på golvet, då! Og det er ein ulv på veggen, det er KULT!
















Skaffa meg ein stumtjenar som ser ut som eit tre! Det ser man ikkje så godt pga alle tinga som henge på den, men den er kul! Lovar!
Stumtjenar er forresten eit skitbra namn! Den helde alle tinga mine, og den snakkar veldi lite.

Andre ting som kan vere interessant for folk som les om livet her på Aurland: Reiste nett eit følge av for å rote i bosset til butikken på Flom. Hin dagen kom dei heim med brød og blomster. Det er også kult!

Sogningar og vegbygging...
Då vi for på tur mot Dyrdal la eg merke til ein veg. Den var ca. 100m lang og begynte midt ute i fjorden.
Det var visst nokon som skulle bygge veg ein stad, begyndte midt mellom to grender og ombestemde seg... Det var god pengenytting, det!

Om nokon lurte på kva overskrifta har med inlegget å gjere, så er det berre fordi eg høyrer på Flåklypa på Spotifty.

fredag 24. august 2012

Klaging og fuglekillerblikk

Eg føle at ingen leser bloggen, så eg startar med eit bilde av ein snigel. Det tiltrekker alltid merksemd, trur eg...
Nei, eg forstår godt at ingen gidd å lese dette. Eg hadde ikkje orka det, og det er ikkje berre fordi eg allerede har levd og tenkt det som står her, men og fordi eg har eit liv... Som ikkje innebere å lese om folk som flyttar til jordbrukskular rundt om... Og fordi blogg ikkje er heilt mi greie... Mi greie er meir i denne dur
:
No er eg ferdi å syte over at ingen les, og klar for å skrive om den to dagar lange turen vi har vore på. Vi var i Dyrdal (Google det om du vil vite meir enn namnet) og her rydda vi veg. Vart litt bading, litt kakeeting og litt soving, men so vart det meir rydding igjen. Nokon rodde ein trebåt tilbake til Aurland (Google avstand frå Dyrdal til Aurland om du er gira på ei "Att dei gadd! Glad eg ikkje finn på slike dumme ting"-kjensle, som egentlig berre er ein cover-up for den velkjente "Søren klype! Skulle ønske eg var i form til noko slikt"-kjensla), visst du lurte på kvifor vi vart så få igjen på slutten. Ikkje at du visste at vi var få igjen på slutten, då, men da e no so!

Fekk forresten killerblikk av ein måse (ei/en måke om det var uklårt for austlendimgen)
Viktig at du zooma inn på ansiktsuttrykket til fuglen!)

onsdag 22. august 2012

Idag har eg:

Truffe ein sjeleven! Vi er skikkelig "ment to be"! Han lika jordbær, eg lika jorbær. Han er treig, eg er treig. Han snakka lite og eg mykje. Han legge igjen eit slimete spor etter seg osv...

Eg såg på fotballkamp frå noko eg trur må vere VIP-tribuna her i Aurland. Problemet var at eg aldri såg ballen, så eg tok heller bilde av fjella:)

tirsdag 21. august 2012

Aurland: den beste plass å vere løk!

Ja, eg drar den løkgreia mi så langt eg kan, og ikkje kom her å sei at du ikkje ville gjort det sjølv! Men uansett:

Vanlegvis blir eg sett på som litt spesiell eller iallefall annerledestenkjande. Eg har stort sett alltid meint det motsette av alle andre, så eg har ofte vore den som diskuterer mot resten av klassen. Dette er noko eg ikkje opplever her, og det er utruleg avslappane! Eg slepp å forklare kvifor det ikkje ligg kjøt på fatet mitt kvar gong ein ny person set seg ned, og folk her dela meiningane mine om måten å drive jorda på.
"Bombe! Du søker deg inn på økologisk j.b.skule og folk deler meiningane om at man bør dyrke økologisk. Det var uventa...". Ja, OK, det er kanskje ikkje rart, men det å ikkje vere kjerringa mot stømmen e nytt for meg. Det trur eg dei som kjenner meg forstår, dei andre gadd antakleg vis ikkje å lese lenger etter "mine meiningar om korleis man driv jorda".

Men serriøst! Her skulle eg ha flytta til for lenge sida! Bilde av endene; kor trur du det er tatt? 1: hønsehuset, 2: barnehage eller 3: ved andedammeb?
Svarte du...
...1: koffor svarte skulle det vere ender i eit hønsehus? Då hadde man kalla det andehus, eller and- og hønsehus... Daa!
... 2: Rett! Kor heftig er ikkje det? Dei har ikkje berre ender, men mange andre dyr, og det er ein gardsbarnehage. Ikkje at eg klaga på barnehagen eg gjekk i, for all del! Vi hadde liksom ein muldvarp som heitte Mulle som var bestevenn med ei som jobba der som egentlig var pirat! (jaok, så var det ei handdukke, men ho var eigentleg pirat! Svergar!)
... 3: du er kjedelig og uorginal!

Det er ei bjørk på tunet her, den er misfostra! Eller bladene er misfostra, men kor heftig er ikkje det?! Sjekk då bjørk, liksom! (bilde av bladet er frå den bjørka)

Ein anna ting som er fint med Aurland er at her alltid er ledige parkeringsplassar! Eller dvs: eg trur at her alltid er ledige parkeringsplassar. Kvifor ville nokon elles henge opp eit skilt, som i skilt med refleksvakgrunn skrudd fast, der det står at det er ledig plasser? Og, ja, du finn eit bilete av det under (det einaste bilete av parkeringsskilt, om du var i tvil om kva for eit det var).

Elles så er Aurland ein svært vakker plass! Legg ved nokre bilete av vakker natur (nei, det av P-skiltet er ikkje eit av dei...)

Sorry for at all teksten kom på ein gong... PC-en min har streika, så no er eg avhengig av min kjære Petrinus (som er min iPhone om du ikkje forsto det sjølv om det var logisk...) Nei, det er ikkje unormalt å gje mobiltelefonen sin namn! Det gjor eg med den gamle telefonen min, Kim, og. Så då har du to eksempel!

søndag 19. august 2012

Førsteintrykk seier alt! Så dette blir bra :)

I fjor gjekk eg på vg1 naturbruk med fordjuping på hest på Mo og Jølster vgs. Då vi skulle søke oss inn på vg2 søkte eg, som dei fleste andre i klassen, på Mo igjen.
Då den dagen med frist for å søke kom, hadde eg ein lengre diskusjon med meg sjølv (Jo, det er normalt! Ikkje lat som du ikkje gjer det sjølv!):

- Ida! Koffor søker du/vi/eg ikkje på den andre jordbrukskulen?
- Den økologiske i Aurland?
- Den, ja!
- Fordi då må du/vi/eg flytte frå alt og alle vi kjenner til ein plass du/vi/eg ikkje eingong veit kor er. Og du/vi/eg kjenne ikkje ei sjel der!
- Du/vi/eg har vore der før! Då du/vi/eg var 2 år. Hugsar du ikkje? Blien braut saman og mamma fiksa den med hesjestreng...
- Stemmer det! Jamen då gjer vi det!

Med så gode argument hadde eg jo berre en ting å gjere, så rett før midnatt hadde eg forandra på søknaden min. Så vart klokka etter midnatt og då angra eg... men etter å ha flytta dit i dag, så angar eg ikkje!


Sjå på det der! Får du ikkje berre lyst å drite i alt og alle du kjenne for å flytte dit og gå økologisk jordbruk?

Då eg kom inn døra til internatet vart eg møtt av ei tavle med mange kloke, og ikkje minst sanne, ord. Sånt er koselig!
"Du lager det bedre selv", kunne ikkje sagt det beire sjølv! Eller, eg kunne sagt det på nynorsk, sjølvsagt...
"Det viktigste med planting er at de grønne greiene stikker opp av jorda", man blir jo faglært før man får komme seg inn på internatrommet, jo! Eg skjønna ikkje heilt den greia med "Silence is the language of the Gods", though...


Men strekmennene i Aurland er like dumme som alle andre strekmenn... Ikkje rart at dei havnar i rullestol og blir køyrd flate på parkeringsplassar rundt om..