tirsdag 21. august 2012

Aurland: den beste plass å vere løk!

Ja, eg drar den løkgreia mi så langt eg kan, og ikkje kom her å sei at du ikkje ville gjort det sjølv! Men uansett:

Vanlegvis blir eg sett på som litt spesiell eller iallefall annerledestenkjande. Eg har stort sett alltid meint det motsette av alle andre, så eg har ofte vore den som diskuterer mot resten av klassen. Dette er noko eg ikkje opplever her, og det er utruleg avslappane! Eg slepp å forklare kvifor det ikkje ligg kjøt på fatet mitt kvar gong ein ny person set seg ned, og folk her dela meiningane mine om måten å drive jorda på.
"Bombe! Du søker deg inn på økologisk j.b.skule og folk deler meiningane om at man bør dyrke økologisk. Det var uventa...". Ja, OK, det er kanskje ikkje rart, men det å ikkje vere kjerringa mot stømmen e nytt for meg. Det trur eg dei som kjenner meg forstår, dei andre gadd antakleg vis ikkje å lese lenger etter "mine meiningar om korleis man driv jorda".

Men serriøst! Her skulle eg ha flytta til for lenge sida! Bilde av endene; kor trur du det er tatt? 1: hønsehuset, 2: barnehage eller 3: ved andedammeb?
Svarte du...
...1: koffor svarte skulle det vere ender i eit hønsehus? Då hadde man kalla det andehus, eller and- og hønsehus... Daa!
... 2: Rett! Kor heftig er ikkje det? Dei har ikkje berre ender, men mange andre dyr, og det er ein gardsbarnehage. Ikkje at eg klaga på barnehagen eg gjekk i, for all del! Vi hadde liksom ein muldvarp som heitte Mulle som var bestevenn med ei som jobba der som egentlig var pirat! (jaok, så var det ei handdukke, men ho var eigentleg pirat! Svergar!)
... 3: du er kjedelig og uorginal!

Det er ei bjørk på tunet her, den er misfostra! Eller bladene er misfostra, men kor heftig er ikkje det?! Sjekk då bjørk, liksom! (bilde av bladet er frå den bjørka)

Ein anna ting som er fint med Aurland er at her alltid er ledige parkeringsplassar! Eller dvs: eg trur at her alltid er ledige parkeringsplassar. Kvifor ville nokon elles henge opp eit skilt, som i skilt med refleksvakgrunn skrudd fast, der det står at det er ledig plasser? Og, ja, du finn eit bilete av det under (det einaste bilete av parkeringsskilt, om du var i tvil om kva for eit det var).

Elles så er Aurland ein svært vakker plass! Legg ved nokre bilete av vakker natur (nei, det av P-skiltet er ikkje eit av dei...)

Sorry for at all teksten kom på ein gong... PC-en min har streika, så no er eg avhengig av min kjære Petrinus (som er min iPhone om du ikkje forsto det sjølv om det var logisk...) Nei, det er ikkje unormalt å gje mobiltelefonen sin namn! Det gjor eg med den gamle telefonen min, Kim, og. Så då har du to eksempel!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar