Eg føle at ingen leser bloggen, så eg startar med eit bilde av ein snigel. Det tiltrekker alltid merksemd, trur eg...
Nei, eg forstår godt at ingen gidd å lese dette. Eg hadde ikkje orka det, og det er ikkje berre fordi eg allerede har levd og tenkt det som står her, men og fordi eg har eit liv... Som ikkje innebere å lese om folk som flyttar til jordbrukskular rundt om... Og fordi blogg ikkje er heilt mi greie... Mi greie er meir i denne dur:
No er eg ferdi å syte over at ingen les, og klar for å skrive om den to dagar lange turen vi har vore på. Vi var i Dyrdal (Google det om du vil vite meir enn namnet) og her rydda vi veg. Vart litt bading, litt kakeeting og litt soving, men so vart det meir rydding igjen. Nokon rodde ein trebåt tilbake til Aurland (Google avstand frå Dyrdal til Aurland om du er gira på ei "Att dei gadd! Glad eg ikkje finn på slike dumme ting"-kjensle, som egentlig berre er ein cover-up for den velkjente "Søren klype! Skulle ønske eg var i form til noko slikt"-kjensla), visst du lurte på kvifor vi vart så få igjen på slutten. Ikkje at du visste at vi var få igjen på slutten, då, men da e no so!
Fekk forresten killerblikk av ein måse (ei/en måke om det var uklårt for austlendimgen)
Viktig at du zooma inn på ansiktsuttrykket til fuglen!)
Dette var en heftig awsome blogg du godaste Ida... Tenkjer da blir flott når du tek over Alrek! Hold on, be strong som me seie på godt nynorsk!
SvarSlett