onsdag 29. august 2012

Do, tomatar og sånt.

No har eg nettopp vore å klatra i Aurlandshallen, ein særs oppegåande hall som er bygd for tre år sidan. Der er gymsal med fin størrelse, badebasseng, spinninghall, trengingsrom, finfin klatrevegg og mykje, mykje meir! Den er skitfin og svært lite brukt, med tanke på at Aurland har svært få innbyggarar og kun ein liten prosentdel av dei brukar hallen. Uansett: eg har plana om å ta brattkort, så no må eg trene. Det har eg gjort og no er eg sliten, så eg sleit med å tørke meg etter eg var på do no nettopp. Det gjorde til at eg kom på ein do eg såg hin dagen:
SO SINNSJUKT PRAKTISK! Tenk deg kor opplysande dei tre bokstavane kan vere for folk som ikkje er så dovande! Dømer følger:

Ein person må på tisse/bæsje og spør dei som jobbar på muset (denne doen var på eit museum her i Aurland) og blir vist til toalettet. Personen går inn på det trange romet og tenkjer "hmm... kvar skal eg tisse?", så ser han doskåla og ser bokstavane IDO. "Genialt", tenker mannen og tissar/bæsjar i doen.

Ida kjem inn på ein do og tenkjer "hmm... kva var det no eg heitte, igjen?". Ho ser bokstavane på doskåla og kjem straks på namnet sitt.

Steve Jobbs treng inspirasjon til kva han kan kalle telefonane, musikkspelarane og lesebretta for at dei skal bli assosiert med kvarandre. Han kjem inn på doen og les iDO på doskåla, og då var da gjort.

Mannen skal gifte seg og er heise nervøs før vigelsen. Dette fører til at han må tisse. Medan han står der og tissar, kan han samtidig pugge alt han treng å sei. "I do!"


Elles har eg plukka løk idag. På brutal måte rive den opp av jorda og lagt den til tørking. For meg vart det å rive mine kjære namnebrødre opp av jorda på den måten litt sterkt, så eg måtte la tårene komme. Vi har også plukka nokre graskar, og køyrd traktor!


Det her er den største tomaten eg har sett! Og eg har sett mange
 tomatar opp gjennom tidene! Dei andre tomatane rundt er vanlig  tomatstorleik, og fingeren min er vanleg fingerstorleik!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar