lørdag 25. august 2012

Jasså! Døkk sitt å glor!

Idag har eg rydda! Endeleg har eg kjøpt korger til kleda mine, så den haugen som låg midt på golvet er fjærna. Trudde eg iallefall... Eg tok eit bilde for å brife med det finefine rommet mitt som var så ryddig...
Når eg ser etter på bilde, så ser eg jo at ryddig er å ta i, men her er iallefall ikkje ein stor haug midt på golvet, då! Og det er ein ulv på veggen, det er KULT!
















Skaffa meg ein stumtjenar som ser ut som eit tre! Det ser man ikkje så godt pga alle tinga som henge på den, men den er kul! Lovar!
Stumtjenar er forresten eit skitbra namn! Den helde alle tinga mine, og den snakkar veldi lite.

Andre ting som kan vere interessant for folk som les om livet her på Aurland: Reiste nett eit følge av for å rote i bosset til butikken på Flom. Hin dagen kom dei heim med brød og blomster. Det er også kult!

Sogningar og vegbygging...
Då vi for på tur mot Dyrdal la eg merke til ein veg. Den var ca. 100m lang og begynte midt ute i fjorden.
Det var visst nokon som skulle bygge veg ein stad, begyndte midt mellom to grender og ombestemde seg... Det var god pengenytting, det!

Om nokon lurte på kva overskrifta har med inlegget å gjere, så er det berre fordi eg høyrer på Flåklypa på Spotifty.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar