Då den dagen med frist for å søke kom, hadde eg ein lengre diskusjon med meg sjølv (Jo, det er normalt! Ikkje lat som du ikkje gjer det sjølv!):
- Ida! Koffor søker du/vi/eg ikkje på den andre jordbrukskulen?
- Den økologiske i Aurland?
- Den, ja!
- Fordi då må du/vi/eg flytte frå alt og alle vi kjenner til ein plass du/vi/eg ikkje eingong veit kor er. Og du/vi/eg kjenne ikkje ei sjel der!
- Du/vi/eg har vore der før! Då du/vi/eg var 2 år. Hugsar du ikkje? Blien braut saman og mamma fiksa den med hesjestreng...
- Stemmer det! Jamen då gjer vi det!
Med så gode argument hadde eg jo berre en ting å gjere, så rett før midnatt hadde eg forandra på søknaden min. Så vart klokka etter midnatt og då angra eg... men etter å ha flytta dit i dag, så angar eg ikkje!
Sjå på det der! Får du ikkje berre lyst å drite i alt og alle du kjenne for å flytte dit og gå økologisk jordbruk?
Då eg kom inn døra til internatet vart eg møtt av ei tavle med mange kloke, og ikkje minst sanne, ord. Sånt er koselig!
"Du lager det bedre selv", kunne ikkje sagt det beire sjølv! Eller, eg kunne sagt det på nynorsk, sjølvsagt...
"Det viktigste med planting er at de grønne greiene stikker opp av jorda", man blir jo faglært før man får komme seg inn på internatrommet, jo! Eg skjønna ikkje heilt den greia med "Silence is the language of the Gods", though...
Men strekmennene i Aurland er like dumme som alle andre strekmenn... Ikkje rart at dei havnar i rullestol og blir køyrd flate på parkeringsplassar rundt om..
Savna deg Ida!
SvarSlettBerre å komme på besøk! Eg har heftig stort rom! :D
SvarSlettOm du henta meg så :) :P
SlettDu e min favorittløk! <3<3
SvarSlettDu er min favorittrussenes :* <3
SvarSlett