mandag 27. august 2012

Den perfekte plass å dø!

Igår var eg på tur. Det var veldig fin natur der. Det var kjekt å gå på tur. 





Det var crazy fint der! Eg fekk det ikkje fram på bilda, men det var virkelig vakkert der! Faktisk var det så fint at eg begynte å teke på den tingen eg alltid tenker på når eg ser fine plassar: SJØLVMORD!
Dette trur eg må vere den perfekte plassen å dø på! Sinnsjukt fin natur overalt, samtidig som man har fine hammarar og stupbratte fjellsider å kaste seg utfor. Skulle du ikkje dø av det, riskerar du å drukne i det klåraste vatnet eg nokon gong har sett! Herlig flott naturopplevelse inn i den evige kvile, liksom! Ikkje at det blir ein så flott naturopplevelse for dei som må fjerne liket etter deg...
No vil eg sjølvsagt ikkje oppfordre nokon til sjølvmord. Eg meiner at det er ein dum ting, som man ikkje bør prøve! Med mindre du er smitta av rabies, då. Eg legg ved ein fin sang som kan hjelpe den som slit med suisidale tankar: Don't try suicide av Queen

Turen var seks timar lang, og vi var innom Sinjarheim, som er stølen til  SJH  (Sogn Jord- og Hagebrukskule). Eg fekk ikkje tatt bilder av den, men den er også crazy fin! Tidligare var det eit bruk var bebudd heile året. Grunnen til at eg ikkje fekk tatt bilder av den var at eg vart litt opphengd i ein sommarfugel framfor ein foss.
Har eg nemnt kor utrulig glad eg er i biletkvaliteten på iPhonen min?

Vetlehelvette er ein bunnlaus dam omringa av store steinar. Det ser ut som ei gamal jettegryte som har kollapsa, men for all del, det kan godt vere ein del av Satan sitt rike. Eg forstår iallefall godt at han har plassert det i den flotte naturen!

Dei seier at her i Aurland er det så frodig at man
kan ha tre gongar så mange dyr på kvadratmeteren.
Eg trur på det!



Der framme ligg Sinjarheim! 
Det er ein svak regnboge der og, om du er interessert i 
regnbogar og sånt.

Stigen var litt kronglete, men vi hadde tak! 
Det var bratt og høgt. Eg vart redd og tok eit bilete.


TENK så sjukt GULLHÅR dei må ha hatt i ræva! Var vel 20cm til og den hadde tatt huset! DET er FLAKS, DET!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar